– Det var tøft. Ho betydde så mykje for meg, seier ei tårevåt Tess Wester til NRK etter at Nederland sensasjonelt tok seg til sin aller første VM-finale i historien.
Same dag som Nederland møtte Sverige i VM-gruppespelet fekk Wester den tunge beskjeden om at landslagets keepertrenar var død av svulst.
– Vi visste at det ville bli ein vanskelig kamp. Dødsfallet gjorde det endå verre å spele.
– Eg er veldig glad for at vi kunne gje ho eitt minutts stillheit. Eg veit kor mykje ho hadde lyst til å vere her. Det gjør meg enda gladare i dag, seier Wester.
Superstatistikk
Kampen mot Sverige enda 28-28. Senere slo Nederland stornasjonane Serbia og Frankrike i sluttspelet.
Wester har heile vegen vore den store giganten. Ho er VMs desidert beste keeper så langt.
22 åringen har redda 109 av 243 skot, noko som gir ein redningsprosent på 45.
Til samanlikning har Norges Kari Aalvik Grimsbø redda 57 av 156 avslutningar (37%). Silje Solberg har tatt 52 av 137 avslutningar (38%).
– Korleis har du klart å motivere deg etter dødsfallet?
– Ein held bare fram med å å kjempe. Vi stoler på kvarrandre og veit kva vi er i stand til. La oss sloss og vise verden korleis vi speler handball og kva vi er laga av. Det har vi klart, og eg vil vise at vi kan meir, seier Wester.
– Eg kan bare forestille meg at det har vore veldig tøft for ho. Tess framstår som ein veldig sterk person, seier Norge-keeper Kari Aalvik Grimsbø.
Fryktar ikkje Norge
Etter 30-25-siger over Polen i semifinalen møter «veggen» Wester Norge i VM-finalen.
– Blir ein finale mot Norge den største utfordringa dette laget har hatt nokon gang?
– Kanskje. Det er finalen. Vi har ikkje spelt ein kamp som dette før. Norge speler finale kvart år. Sjølvsagt blir det veldig tøft, seier Wester.
– Fryktar du Norge?
– Nei.
– Kvifor ikkje?
– Dei speler den samme håndballen som oss. Dei er raske, dei speler godt i angrep. Dei har godt forsvar og gode keeperar. Eg trur det samme gjeld oss..
– Vi er ikkje lenger «underdogs». Vi er eit godt lag, og dei må rekne med oss, seier Wester.