Norge-Russland e.e.o. 37–38 (31–31 (16–18))
– Eg er veldig, veldig lei meg. Skuffa. Det var ikkje slik det skulle gå. Men vi spelte ikkje ein god nok kamp til å ta oss til finalen, men det gjer det ikkje mindre vondt av den grunn, seier kaptein Stine Bredal Oftedal, medan ho tørkar tårene.
– Det var ein slitekamp, vi fekk det ikkje til bakover og då vart Russland altfor gode, seier Veronica Kristiansen til NRK, også ho klarar ikkje å halde tårene tilbake.
For då dei norske jentene innsåg at draumen om OL-finale rauk, var det ein utrøysteleg gjeng. Dei sank saman på bana, tårene trilla og dei trøysta kvarandre.
– Det er ikkje så mykje å seie, eg er berre heilt knus eigentleg, sa Nora Mørk, som scora 14 mål i kampen.
Mot slutten av andre ekstra omgang fekk Camilla Herrem sjansen til å redde nye ekstra omgangar, men skotet gjekk rett utanfor frå kantspelaren.
– Eg har det ikkje så veldig bra akkurat no, seier ho til NRK.
Tapte for eit betre lag
– Russland var rett og slett betre enn oss, seier NRKs handballekspert, Øystein Havang.
For trass i at Norge scora masse mål, så kom baklengsmål imot like fort.
– Kva kunne ein gjort annleis?
– Tettare markering, vinna fleire duellar, flytte seg i retninga der spelarane kjem og gå i kroppen. Vi møtte eit av verdas beste lag, då må ein spela sin beste kamp og det gjorde vi ikkje i dag, seier landslagssjef Thorir Hergeirsson.
Taktisk genistrek
Dei norske hadde sjansen til å vinne sitt tredje OL-gull på rad, men det stoppa i semifinalen mot Russland.
– Dette var ei førestilling av dei sjeldne, på veldig høgt nivå, men Russland hadde dagen. Den beste kampen eg har sett til no i OL, seier Havang.
Heilt på tampen av ordinær tid, redda Heidi Løke ekstra omgangar med si 31–31 scoring. Camilla Herrem fekk sjansen til å gjere det same i slutten av andre ekstra omgang, men avslutninga gjekk utanfor. 29-åringen var knust etter kampen, og dei norske jentene sat trøysteslaus på parketten.
- Les også:
– Alarmen går
Dei norske jentene gjorde som dei har gjort så ofte før i meisterskap. Gjekk ut i hundre og gjekk tidleg i leiinga 11–8. Så venta seks grufulle minutt for dei norske jentene. Russland snudde kampen til 15–12 i sin favør. 7–1 til Russland, i den perioden over seks minutt.
– Alarmen går, sa Havang då.
Russland låg forsvaret sitt ute på ni meter og pressa dei norske jentene høgare enn andre lag har tidlegare i meisterskapen.
– Det er ein taktisk genistrek av landslagssjef Trefilov (Russlands trenar, jour anm.), seier Havang.
Til pause sto det 18–16, favør Russland.
– Vi vert spelt for lave og då haglar det med skot rundt målvaktene våre, seier Havang.
No ventar bronsekamp mot Nederland.