NRK Meny
Normal

Østberg håper på OL-medalje etter sterk tredjeplass

Medan Eirik Brandsdal fekk russisk bank i herrefinalen, spurta Ingvild Flugstad Østberg seg inn til ein solid tredjeplass. Slike plasseringar er oppløftande under éin månad før OL i Sotsji.

Ingvild Flugstad Østberg

Ingvild Flugstad Østberg (t.h.) blei nummer tre på fristilsprinten i Nove Mesto laurdag. Kikkan Randall (i midten) vann suverent, medan sveitsiske Laurien van der Graf var så vidt føre Flugstad Østberg.

Foto: MICHAL CIZEK / Afp

– Pallplass betyr mykje før OL. Eg har ikkje vore så mange gonger på pallen, så dette gjer godt for sjølvtilliten, seier 23-åringen frå Gjøvik til NRK.

Ein sterk tredjeplass på fristilsprinten i Nove Mesto gjer at ho ser fram til OL i februar.

– No ligg det litt lenger framme i hovudet. Det er enno litt tid, men det blir ein veldig hard fight i Russland. Før sesongen sa eg at målet var å kome til OL, men når ein først kvalifiserer seg så er medalje ein draum og eit mål, avslører Flugstad Østberg.

– Det hadde vore utruleg kjekt å få med seg edelt metall heim frå Russland, legg ho til.

Kikkan Randall

Kikkan Randall var fleire hakk betre enn konkurrentane laurdag i Nove Mesto.

Foto: MICHAL CIZEK / Afp

Amerikansk dynamitt

I Italia var ho derimot sjanselaus mot amerikanske Kikkan Randall. Ho gjekk raskt opp i tet i kvinnefinalen, og heldt leiinga heilt inn.

– Det var mørkt og lyst, og eg såg dårleg, så eg berre køyrde på heilt til mål. Det kjennest fantastisk å vere tilbake, for det var hardt å følgje med på TV under Tour de Ski, sa Randall etter løpet.

Ho vann 1,69 sekund føre sveitsiske Laurien van der Graf, medan Ingvild Flugstad Østberg glei i mål 1,95 sekund bak.

– Kikkan er veldig sterk, går i front heile finalen og er god på alle tinga i sprint. Eg ser opp til ho, men det er også mogleg å slå ho, meiner Flugstad Østberg.

Dei to andre kvinnene som var med i fristilsprinten, Kathrine Rolsted Harsem og Celine Brun-Lie, blei slått ut i semifinalen. Dei gjekk i same heat som Flugstad Østberg.

Saka held fram under videoen.

Amerikanske Kikkan Randall vant kvinnenes sprint i Nove Mesto. Ingvild Flugstad Østberg ble nummer tre. Kommentatorer: Jann Post og Torgeir Bjørn

Amerikanske Kikkan Randall var suveren i kvinnefinalen i Nove Mesto.

Uheldig Hattestad

På herresida var det mange som hadde moglegheita til å klatre heilt til topps. Ola Vigen Hattestad, Anders Gløersen, Finn Hågen Krogh og Eirik Bransdal er fire svært sterke sprintnamn. I tillegg var Vegard Bjerkreim Nilsen med.

Sistnemnde og Gløersen rauk allereie i kvartfinalane, medan Krogh og Hattestad rauk i semifinalane. For OL-jagande Hattestad skjedde det derimot på svært irriterande vis.

Eirik Brandsdal

Eirik Brandsdal sikra truleg OL-plass etter fjerdeplass på herresprinten laurdag.

Foto: MICHAL CIZEK / Afp

Han gjekk i same semifinale som Eirik Brandsdal, og medan Brandsdal tok seg vidare, blei Hattestad sperra tidleg. Heilt i opninga blei han trakka på av italienske Federico Pellegrino, noko som gjorde at éin av stavane forsvann.

Hattestad gjekk i mål sist. Han såg svært irritert ut, men italienaren – som gjekk til finalen – var raskt borte og beklaga. Uansett er det surt for ein Hattestad utan sikker OL-plass.

– Det er sprint i eit nøtteskal. Ola er ikkje skuld i det sjølv, for det er ein løpar delvis bak som køyrer på og staven knekk. Det er litt bittert å tenke på at det kan bli katastrofalt for han, seier sprinttrenar Arild Monsen til NRK.

Petter Northug og Anders Gløersen, saman med Brandsdal som presterte i dag, er truleg dei tre som allereie er klare. Hattestad kjempar med nok i hard kamp med Krogh om den siste plassen.

– Vi veit resultata som har vore, og ser føre oss laget litt, men det er alltid den siste konkurransen. NM skal telje litt også, så det er ikkje køyrt, slår Monsen fast.

Saka held fram under videoen.

Ola Vigen Hattestad brakk staven under sprinten for menn i Nove Mesto. Kommentatorer: Jann Post og Torgeir Bjørn.

Ola Vigen Hattestad var irritert etter at sprinten blei øydelagt.

Russisk supertalent overbeviste

I herrefinalen var altså Eirik Brandsdal einaste nordmann. I finalen var det også tre russarar.

Ustiugov og Petukhov

Sergey Ustiugov og Alexey Petukhov overbeviste i sprintfinalen.

Foto: MICHAL CIZEK / Afp

Nordmannen opna bra, og låg lenge i tet, men utover i finalen avanserte Sergey Ustiugov og Alexey Petukhov. I tillegg gjekk italienske Pellegrino forbi Brandsdal, og inne på oppløpet var 27-åringen frå Kjelsås allereie sjanselaus.

– Det betydde mykje for han å kome til finalen, og han var fornøgd med dagen. Eirik presterte bra, meiner sprinttrenar Monsen.

Vinnar blei svært sterke Ustiugov framfor Pellegrino og Petukhov. Sigeren var den russiske broileren sin første.

Ustiugov er 21 år, og har lenge blitt sett på som Russland sin neste ankermann på stafett. Med så gode sprinteigenskapar skjelv kanskje til og med Petter Northug litt i kondomdrakta.

– Det var tre sterke russarar i finalen, og då var ikkje Nikita Krjukov til stades. Det viser berre kva som ventar i Russland om nokre veker, og vi må gjere ein god jobb fram mot OL for å tufte dei, avsluttar sprinttrenaren.

Russiske Sergey Ustiugov vant mennenes sprintfinale i Nove Mesto. Beste nordmann ble Eirik Brandsdal på fjerde plass. Kommentatorer: Jann Post og Torgeir Bjørn.

Sergey Ustiugov var best i herrefinalen.

Siste nytt

Sendeplan

Kl. Program Kanal
EM feltritt: Sprangridning
EM feltritt: Sprangridning
EM feltritt: Sprangridning
Friidrett: Diamond League fra Birmingham
Friidrett: Diamond League
Friidrett: Diamond League
4-4-2 Radiosporten
4-4-2 Radiosporten
Radiosporten følger den 20.runden av Eliteserien
4-4-2 Radiosporten
4-4-2 Radiosporten