Hopp til innhold

Bare to regjerande seriemeistrar har fått denne smellen før Molde

Med tap for Brann blei Molde historias tredje regjerande eliteseriemeister med tre strake tap i sesongstarten.

Ole Gunnar Solskjær

Ole Gunnar Solskjær (bak) måtte sjå Daniel Berg Hestad og lagkameratane tape for tredje gang på rad i serieinnleiinga.

Foto: Hommedal, Marit / NTB scanpix

– Historikk kan ein bruke til så mangt, seier ein lattermild Molde-manager til NRK.

Men for Ole Gunnar Solskjær er seriestarten ingen bagatell.

Etter 80 mållause minutt på Brann stadion kom scoringa som gjør den doble seriemeisteren Molde til stortaparen i sesonginnleiinga.

Brann

Amin Askar var siste mann på ballen før målet

Foto: Hommedal, Marit / NTB scanpix
Molde

Dei tilreisande frå Molde måtte nok ein gang sjå laget sitt gå av banen med null poeng.

Foto: Hommedal, Marit / NTB scanpix

For Ole Gunnar Solskjærs menn er dei einaste som til no har spelt tre kampar utan å få poeng.

Det har bare skjedd to gangar tidlegare i løpet av 50 sesongar med dagens serieordning. Vålerengen vann serien i 1965, og tapte dei tre første kampane i den påfølgande sesongen.

Skeid vann serien i 1966, og tapte også sine tre første kampar sesongen etter.

No går også Molde inn i rekka av regjerande seriemeistrar med tre strake tap og marerittstart i serien.

– Det skal snu, seier Solskjær.

Statistikken talar imot nok eit Molde-gull, men Solskjær gir ikkje opp

Men historisk sett er sjansane små for at det skal snu til eit nytt Molde-gull. Ingen lag har vunne serien etter å ha tapt sine tre første kampar i sesongen, ifølgje Infostrada.

Likevel er Solskjær sikker på at det vil sjå betrakteleg betre ut for Molde seinare i sesongen.

– Vi er eit godt fotballag, og når hausten kjem skal vi vere med og kjempe i toppen, seier Solskjær.

Askar: – Ikkje overraska om Brann vinn serien

Brann hadde god kontroll på kampen og var hakket bedre enn moldensarane laurdag.

Kampens største sjanse noterte Brann-spissen Martin Pusic då han heada ballen i tverrliggaren etter 56 minutter.

Og etter nemnde 80 minutt putta Askar målet som senka Molde.

– Det var fantastisk. Eg skal score endå fleire i tida som kjem, og blir ikkje overraska om vi vinn serien til slutt, seier matchvinnaren med stor sjølvtillit.

Samtidig står motstandar Magne Hoseth i mixed-zone og heng med hovudet.

– Vi er deppa, lei og forbanna. Vi kan bedre enn dette, seier Magne Hoseth til Cmore.

Dårlegaste Molde sidan 2009

Rekka på tre strake tap er den lengste sidan sølvsesongen 2009. Då rauk Moldes gullsjanse med tre nederlag for Tromsø, Rosenborg og Odd på hausten.

Brann har på si side seks poeng etter sigrar i begge heimekampane så langt.

Rune Skarsfjords lag fekk ein fin revansje etter 0-4-nederlaget for Rosenborg i Trondheim i påsken.

– Det betyr mykje å reise seg frå den dårlege andreomgangen i Trondheim. Vi har levert bra i serieopninga, og står med seks poeng mot tre lag som alle er tippa framfor oss på tabellen, seier ein glisande Brann-trenar Rune Skarsfjord.

Slik har tittelforsvararen har starta dei tre første kampane i sesongen sidan 1964:

  • 2013 Molde 0-0-3
  • 2012 Molde 2-0-1
  • 2011 Rosenborg 0-1-2
  • 2010 Rosenborg 1-2-0
  • 2009 Stabæk 0-3-0
  • 2008 Brann 1-1-1
  • 2007 Rosenborg 1-1-1
  • 2006 Vålerenga 0-2-1
  • 2005 Rosenborg 1-1-1
  • 2004 Rosenborg 2-1-0
  • 2003 Rosenborg 3-0-0
  • 2002 Rosenborg 1-0-2
  • 2001 Rosenborg 2-0-1
  • 2000 Rosenborg 2-1-0
  • 1999 Rosenborg 1-1-1
  • 1998 Rosenborg 3-0-0
  • 1997 Rosenborg 0-2-1
  • 1996 Rosenborg 3-0-0
  • 1995 Rosenborg 2-1-0
  • 1994 Rosenborg 2-1-0
  • 1993 Rosenborg 1-1-1
  • 1992 Viking 0-1-2
  • 1991 Rosenborg 0-2-1
  • 1990 Lillestrøm 2-0-1
  • 1989 Rosenborg 2-0-1
  • 1988 Moss 0-1-2
  • 1987 Lillestrøm 1-1-1
  • 1986 Rosenborg 2-1-0
  • 1985 Vålerengen 0-2-1
  • 1984 Vålerengen 3-0-0
  • 1983 Viking 1-1-1
  • 1982 Vålerengen 3-0-0
  • 1981 Start 2-0-1
  • 1980 Viking 0-2-1
  • 1979 Start 1-2-0
  • 1978 Lillestrøm 1-1-1
  • 1977 Lillestrøm 3-0-0
  • 1976 Viking 1-2-0
  • 1975 Viking 2-0-1
  • 1974 Viking 2-1-0
  • 1973 Viking 3-0-0
  • 1972 Rosenborg 0-2-1
  • 1971 Strømsgodset 2-1-0
  • 1970 Rosenborg 2-1-0
  • 1969 Lyn 2-0-1
  • 1968 Rosenborg 1-0-2
  • 1967 Skeid 0-0-3
  • 1966 Vålerengen 0-0-3
  • 1965 Lyn 3-0-0
  • 1964 Brann 0-1-2

Siste nytt

  • Verstappen vant i Kina

    Max Verstappen vant Formel-1-sprinten i Kina natt til lørdag norsk tid.

    Han slo Lewis Hamilton med 13,043 sekunder.

  • Storhamar knuste Vålerenga

    Storhamar var klart best og vant den tredje kampen 4-1 i NM-finaleserien mot Vålerenga.

    Laget fra Hamar leder nå 2–1 i kamper, og mangler to seire på å sikre seg kongepokalen.

    Storhamars Sverre Rønningen ble kampens store spiller med to mål for vertene.

    NM-sluttspillet ishockey menn, finale 1. kamp (best av 7), Storhamar -Vålerenga (5-1)
    Foto: Lise Åserud / NTB
  • Norsk hockey-tap i Ungarn

    Norge tapte 1–2 mot Ungarn i en privatlandskamp i ishockey fredag kveld.

    Viktor Granholm scoret Norges mål i overtall i det som NTB omtaler som en kamp som «ikke vil bli husket lenge».

    Norge møter Ungarn til ny kamp lørdag.

    Ishockey, treningskamp: Norge-Frankrike (3-4)
    Foto: Alf Simensen / NTB

Sendeplan

Kl. Program Kanal