I går knuste han sin eigen noregsrekord med nesten ni sekund på spesialdistansen 1500 meter. I dag stilte Henrik Christiansen opp i 400 meter medley under storstemnet Stockholm Swim Open.
Og også i kveld var 19-åringen frå Skjetten svømmeklubb på jakt etter nye rekordar, sjølv om distansen ikkje er av hans beste. Til slutt kom han inn til tredjeplass med tida 4.20.34 og slo nok ein gong sin eigen noregsrekord.
Den gamle var frå VM i Kazan i fjor og var på 4.21,67.
På onsdag svømte han inn til årsbeste i verda på 400 meter fri. Tida han vann 1500 meter med i går hadde vore godt nok til femteplass i førre VM.
I kveld viste ungguten igjen at han er landets absolutte beste svømmar og eit av våre store håp under OL i Rio i august.
LES SAKA: Hetland meiner Christiansens unike eksperiment er i ferd med å lykkes