NRK Meny
Normal

Skiforbundet tatt på senga: Vikersund, Lillehammer og Trondheim ikkje godkjent for v-cup

Det kom heilt overraskande på skiforbundet at tre av dei fire Raw Air-bakkane ikkje har sertifikat for neste sesong.

Vikersundbakken.

LANGE SVEV: Vikersund er største hoppbakken i verda, men er ikkje sertifisert for verdscup og Raw Air neste år

Foto: Terje Bendiksby / NTB scanpix

– Eg har ikkje opplevd tidlegare i mine 15 år som arrangementssjef at dette ikkje har vore klart på kalenderkonferansen, seier Terje Lund til NRK.

På kalenderkonferansen i FIS i Zürich i dag fekk Norges delegasjon vite at sertifikata for Lysgårdsbakken på Lillehammer, Granåsen i Trondheim og Vikersundbakken har gått ut.

– Vi visste ikkje det, og blei tatt litt på senga, seier Lund.

FIS' hopp-kalender 2018/19

UTELATE: Holmenkollen er inne på Raw Air neste år, men dei tre andre bakkane står med berre stjerner på FIS-lista etter kalenderkonferansen i dag

Foto: FIS

Det betyr at per dags dato kan dei ikkje få tildelt verdscuprenn. Berre Holmenkollen er sikra verdscuprenn i sesongen 2018/19.

Bakkeigarane sitt ansvar

Norge har ein frist til FIS-kongressen 16. mai til å få sertifikata i orden.

– Det er bakkeigarane som har ansvaret for sertifiseringa. I og med at vi fekk vite om dette i ettermiddag, veit ikkje eg kva som må gjerast for å få alt på plass, seier Lund.

Lysgårdbakken er eigd av Olympiaparken, Granåsen av Trondheim kommune, og Vikersund av stiftinga Vikersund Hoppsenter.

Skiforbundet har i ettermiddag sendt mail til dei tre eigarane for å få vite kva som må gjerast.

– Vi har bede dei ta tak i dette måndag og klarere det med FIS' bakkekomité, seier Lund.

– Det er dei som har ansvaret for fornying. Det kan innebere alt frå å sende inn papir og stadfeste at alt er i orden, til at ikkje alt er ok med bakken, seier Lund.

– Har aldri opplevd det før

Terje Lund

ARRANGEMENTSSJEFEN: Terje Lund har gjennom 15 år aldri opplevd at sertifiseringa ikkje er klar på FIS' kalenderkonferanse

Foto: Vidar Ruud / NTB scanpix

Alle anlegg, både hoppbakkar, alpinbakkar og andre skianlegg, får sertifikat for ein gitt periode. Det var denne perioden som hadde gått ut for dei tre bakkane utan at skiforbundet hadde fått det med seg.

Normalt får vi beskjed av det internasjonale skiforbundet i god tid, og eigarane brukar å ha god oversikt sjølve. Så vi er litt forundra over at dette kom no, seier Lund.

– Men eg er nokså trygg på at dette kjem til å ordne seg, seier han.

Terje Lund var sjølv ikkje til stades på møtet i Zürich, men fekk vite om den manglande sertifiseringa på telefon.

– Har du opplevd at de kjem til kalenderkonferanse og får ein slik beskjed som de ikkje har visst om?

– Nei, det har eg ikkje opplevd før.

Siste nytt

  • Rekordomsetning etter Neymar-salg

    Etter skatt sitter Barcelona igjen med et nettoresultat på 13 millioner euro (123 millioner kroner) etter forrige sesong.Mye skyldes salget av Neymar til PSG 222 millioner euro.

    Barcelona hadde 914 millioner euro i inntekter og utgifter på 882 millioner euro.

    neymar
    Foto: Francois Mori / AP
  • Panamas landslagssjef gir seg

    Hernan Daro Gomez avslutter sin tid som Panamas landslagssjef etter landets VM-debut i Russland.

    – Russland 2018 var starten. Jeg oppfylte løftet om å føre landet til sitt første VM. Og det vil for alltid ha en plass i hjertet mitt, skrev landslagssjefen.

    Hernan Dario Gomez
    Foto: FILIPPO MONTEFORTE / AFP
  • Ruud møter tidligere verdenstreer

    Den spanske tennisspilleren David Ferrer, verdenstreer så sent som i 2014, blir Casper Ruuds motstander i 2. runde av ATP-turneringen i Båstad. Andre runde spilles onsdag eller torsdag. Nå er Ferrer rangert som nummer 39 i verden, mot Ruuds 147.-plass.

    Casper Ruud
    Foto: Vincent Thian / AP

Sendeplan

Kl. Program Kanal
Morgensport og musikk
Morgensport og musikk
Morgensport og musikk
Morgensport og musikk
Morgensport og musikk
Sport og musikk
Sport og musikk
Tour de France: 11. etappe
Tour de France: 11. etappe
Sport i dag