– Nei, slikt har eg ikkje vore med på før, seier Aksel Lund Svindal. Og han har vore med på det meste.
Svindal var sjølv ein av dei som delte tredjeplassen. Det var også Aleksander Aamodt Kilde, saman med italienske Dominik Paris. Dei kom inn på hundredelen same tid, 0,41 sekund bak vinnaren Max Franz.
Mellom dei kom Mauro Caviezel, som tok andreplassen berre åtte hundredelen framfor trioen på tredje.
303 kilo på same trinn
Tredjeplassen på pallen veg 303 kilo, for det er ikkje lettvektarar som er gode i fartsdisiplinane. Dominik Paris er tyngst med sine 106 kilo, men Svindal er ikkje langt etter med 103. Kilde blir nesten smågut med sine 94 kilo.
– Eg er bra nøgd med løpet mitt, sa Svindal. – Men eg tapte litt for mykje over den siste kanten.
– Eg blei teken litt på senga i starten, men resten gjekk fint, sa Kilde. Han jubla vilt og hemningslaust i målområdet etter å ha teke leiinga.
– Det er lenge sidan eg har sett grøne tal, sa Kilde.
Kraftig snøver
Rennet var ikkje utan problem. Det snødde kraftig i Beaver Creek, og starten blei først usett ein halv time, så ein halv time til. Men det blei då gjennomført.
– Når arrangørane seier at det er klart, har eg lært å stole på det, sjølv om det kan vere litt vanskeleg her og der, sa Aksel Lund Svindal.
Kjetil Jansrud var ikkje heldig med sitt løp. Han gjorde fleire småfeil og enda på niandeplass.
PS: Då Andrine Flemmen vann sin tredje og siste verdscupsiger, i Sölden i 2002, delte ho førsteplassen med to andre.
Sist det skjedde i verdscupen var kvinnenes utfor på Kvitfjell i 2006, også då med tredelt førsteplass.