– Nei, eg skulle ha teke ei sprøyte for ein infeksjon i kneet. Men eg ville spele, derfor reiste eg, seier Kamara. Han der derfor usikker på om han blir med til Albania og privatkampen måndag.
– Men det er ikkje noko alvorleg, seier tremålsscoraren til NRK.
Privatkamp, ukjend motstandar, iskaldt vårver og begynnande påskeferie – det var ikkje mange som hadde funne vegen til Ullevaal. Det offisielle talet var 5871 tilskodarar.
Men dei som kom, fekk valuta for pengane.
Kamara: – Kult å vite at vi slo eit VM-lag
Ola Kamara blei kveldens store spelar.
– Hat trick på heimebane er ei god kjensle, seier Kamara. – Om du såg meg på treninga i går og på oppvarminga før kampen, hadde du ikkje trudd det skulle gå slik.
– Det er kult å vite at det var mot ein VM-klar motstandar. Det var ein morosam kveld på Ullevaal.
Han meiner at dette er første steget på vegen mot EM 2020.
– No har vi trua. Den skal vi halde fast på.
– På ein dag som i dag kan vi hamle opp med eit lag som skal til VM, seier landslagskaptein Stefan Johansen.
Han har berre godord å seie om tremålasscorar Ola Kamara.
– Ola kan kome til å utgjere eit fint spisspar med Zlatan, seier Johansen om tremålsscoraren som skal spele saman med Zlatan Ibrahimovic i LA Galaxy.
– Ja, det kjem til å bli spesielt, seier Kamara.
Tung norsk start
– Denne kampen var svært positiv, seier NRKs Karl-Petter Løken.
Australia viste seg som eit svært overkomeleg lag. Det gledde nok Danmarks landslagssjef Åge Hareide på tribunen. Australia blir ein av Danmarks gruppemotstandar i VM i sommar.
Australia scora etter kampens første hjørnespark.
Aaron Moy la ein perfekt corner inn i feltet. Der var Jackson Irvine heilt umarkert og fekk stange inn leiarmålet. Der var den norske markeringa dårleg.
– Dette er eit eksempel på det Lagerbäck sa før kampen, at vi er for snille. Vi må vere myklje tøffare for å forsvaret målet vårt. Dette er amatørar, seier Karl-Petter Løken etter det norske baklengsmålet.
Hattrick
Men Norge skapte mest, og det var fortent med 1–1. Mohamed «Moi» Elyounoussi runda den eine australiaren etter den andre, gjekk til dødlinja og la tilbake. Der var Ola Kamara og sette ballen inn frå 4–5 meter.
Og Norge heldt fram på same måte.Tore Reginiussen var på rett plass på Stefan Johansens frispark og heada inn 2–1. Så spela Markus Henriksen Ola Kamara åleine gjennom, og 3–1.
– Klassespel
Det blei eitt til. På overtid scora Ola Kamara sitt tredje etter pasning frå Martin Ødegaard.
– I periodar var det klassespel. Vi scora fire ulike mål, og fleire spelararstår fram, seier Lise Klaveness. – Og Ola Kamara har verkeleg lagt inn ein god søknad for vidare landslagsspel.