Hopp til innhold

Marcel Hirscher: – Berre ti prosent av jobben som toppalpinist er skisport

«Alpinkongen» Marcel Hirscher vil legge opp før han blir 30 år. Årsaka er at det går altfor mykje tid til utanomsportslege oppgåver. Men OL i Korea vil han ha med seg først.

Alpinsirkusets største stjerne har ikke energi til å forsette etter 2018. Reporter: Simon Nitsche. Foto: Inger Kristine Lee. Redigering: Alem Zebic.

– Berre ti prosent av jobben som toppalpinist er skiidrett. Resten er anna arbeid. Det tar enormt med energi, seier Marcel Hirscher.

Hirscher er alpinkongen som har vunne verdscupen dei fire siste sesongane – fleire av dei i tett kamp mot Aksel Lund Svindal. Det har ingen andre klart. I ein samtale med NRK fortel 26-åringen at han er usikker på kor lenge han har energi til å halde fram.

– Eg er usikker på kor lenge eg eller laget rundt meg har energien som skal til for å drive på toppnivå, seier Hirscher.

– Derfor er det ikkje sikkert at eg held på meir enn to-tre år til, seier han.

– Betyr det at du kan kome til å gi deg etter VM i St. Moritz i 2017?

– Nei, eg vil ha med meg OL i 2018, kanskje også VM i 2019, seier Marcel Hirscher.

Satsar minst til Pyeongchang

Marcel Hirscher

VIL HA MED SEG OL: Marcel Hirscher vedgår at det meste av energien går til anna enn det sportslege, men vil likevel ha med seg OL i 2018, kanskje også VM 2019

Foto: EZRA SHAW / Afp

– Eg vil nok halde fram til OL i Sør-Korea i 2018, kanskje også VM (i Åre i Sverige, red. anm.) i 2019. Det kunne vere eit passande tidspunkt å avslutte ein suksessfull karriere, seier Hirscher. Han fyller 30 år eit par veker etter at VM i Åre er over.

– Å vere toppalpinist inneber massevis av oppdrag med tilknytning til media og andre ting, og det er ikkje alt som er like morosamt, seier austerrikaren.

Hirscher er inne i førebuingane til sin niande sesong i verdscupen, der han skal kjempe for sin femte strake samanlagt-tittel. 30 verdscuprenn har han vunne, alle i slalåm og storslalåm. Han har fire gull og to sølv frå VM.

Manglar OL-gull

Men OL-gull har han ikkje, det går han for i Pyeongchang i 2018. Slalåm-sølvet frå Sotsji er hans einaste OL-medalje.

– Mange av dei andre toppalpinistane held på til dei er 38 eller deromkring. Kvifor vil du gi deg når du er 30?

– Eg kom tidleg inn i verdscupen og har allereie mange sesongar bak meg. Og som eg sa, det går mykje energi til å halde seg på toppen – energi som går på mykje anna enn å trene og konkurrere. Og når du er i toppen, blir det også mykje styr rundt deg, seier Hirscher.

Siste nytt

  • Storhamar knuste Vålerenga

    Storhamar var klart best og vant den tredje kampen 4-1 i NM-finaleserien mot Vålerenga.

    Laget fra Hamar leder nå 2–1 i kamper, og mangler to seire på å sikre seg kongepokalen.

    Storhamars Sverre Rønningen ble kampens store spiller med to mål for vertene.

    NM-sluttspillet ishockey menn, finale 1. kamp (best av 7), Storhamar -Vålerenga (5-1)
    Foto: Lise Åserud / NTB
  • Norsk hockey-tap i Ungarn

    Norge tapte 1–2 mot Ungarn i en privatlandskamp i ishockey fredag kveld.

    Viktor Granholm scoret Norges mål i overtall i det som NTB omtaler som en kamp som «ikke vil bli husket lenge».

    Norge møter Ungarn til ny kamp lørdag.

    Ishockey, treningskamp: Norge-Frankrike (3-4)
    Foto: Alf Simensen / NTB
  • Lyn vant etter kjempetabbe

    Lyn tok sesongens første seier da LSK Kvinner ble slått 1–0 i Toppserien fredag kveld.

    Kampens eneste scoring kom etter en fæl tabbe fra LSKs forsvarsspiller Camilla Huseby. Hun spilte ballen rett i beina til Lyns Jenny Røsholm Olsen, som vippet ballen over keeper og i mål.

    Lyn står dermed med fire poeng på fire kamper, mens LSK Kvinner står med to seirer og to tap etter fire runder.

    Toppserien i fotball 2024: Portretter av Lyn
    Foto: Fredrik Varfjell / NTB

Sendeplan

Kl. Program Kanal