LSK er seriemeister for lenge sidan, men det var først etter kampen i dag dei fekk utdelt medaljane.
– I kveld skal eg la jentene feire litt, sa trenar Hege Rise til NRK.
LSK vann 3-2, og alle tre LSK-måla blei scora av Marte Berget. Fordi Avaldsnes samstundes slo Trondheims-Ørn 3-1, er rogalendingane fem poeng framfor Stabæk med ein kamp igjen.
Og ikkje nok med det: Stabæk har fått eit anna lag frå Rogaland heilt opp i ryggen. Klepp slo Røa 1-0 og ligg berre poenget bak Stabæk før den siste runden neste helg. Då møter Stabæk Trondheims-Ørn heime, medan Klepp får besøk av Arna-Bjørnar.
Stabæk kjempa godt mot seriemeisteren. Marte Berget scora tidleg, men Andrea Wiliams utlikna, og det stod 1-1 ved pause.
Berget scora to på ni minutt etter pausen, og det hjelpte lite at Heidi Ellingsen reduserte tjue minutt før slutt.
– Det var moro å spele spiss i dag, seier Berget til NRK.
Medkila nesten nede
Runden i dag sende også Medkila så godt som definitivt ned til 1. divisjon. Laget frå Harstad leia botnoppgjeret mot Kolbotn, men tapte 2-1. Medkila har dermed tre poeng og seks mål å ta att på Grand Bodø. Og dei har bortekamp mot sølvvinnar Avaldsnes i siste kamp.
Grand Bodø blir dermed laget som truleg må ut i kvalifisering. Kolbotn berga plassen med dagens siger.