Hopp til innhold

Trassar forbundets VM-oppfordring: – Kan ikkje gå glipp av denne sjansen

Johan-Sebastian Christiansen synest det er vanskeleg, men vil delta i lyn- og hurtigsjakk-VM sjølv om det går i Saudi-Arabia og ikkje alle kvalifiserte skulle få stille.

Johan-Sebastian Christiansen

VIL DELTA: – Dette er ein sjanse for meg til å møte dei beste, seier Johan-Sebastian Christiansen, som vil delta i VM sjølv om det blir i Saudi-Arabia

Foto: Morten Lillestøl Madsen

– Eg veit det er eit veldig kontroversielt land, og det er ikkje så lett for meg å seie at eg skal reise. Men om det blir VM der, reiser eg for å spele sjakk, ikkje noko anna, seier han til NRK.

Alle dei nordiske sjakkforbunda har bedt sine spelarar om å ikkje stille opp dersom VM går i Saudi-Arabia, og ikkje alle kvalifiserte får sleppe inn i landet. NRK vil heller ikkje sende frå VM i så fall. Då stiller heller ikkje Magnus Carlsen opp.

Men Christiansen vil delta likevel.

– Det er ein stor sjanse for meg å spele mot dei aller beste, og eg likar veldig godt å spele lynsjakk og hurtigsjakk, seier han.

Han spela i Riyadh i Saudi-Arabia i fjor, og seier at det var eit veldig bra arrangement.

– Det var tvers igjennom profesjonelt. Det er alt det andre med landet som ikkje er bra.

Avgjerd i november

Saudi-Arabia har teke på seg VM-arrangementet i år som i fjor, men det er framleis uvisst om det blir i det omstridde landet. Nyvald FIDE-president Arkadi Dvorkovitsj blei vald mellom anna på ein lovnad om å flytte VM.

FIDE (det internasjonale sjakkforbundet) skal ta ei endeleg avgjerd i løpet av november. Mykje tyder på at det blir gjort i samband med opninga av langsjakk-VM i London 9. november.

– Eg blir sjokkert om Saudi-Arabia får VM. Og eg blir veldig skuffa ettersom det er varsla omfattande boikott. Magnus (Carlsen) vil ikkje stille, NRK vil ikkje ha tv-sendingar derfrå, og Norges Sjakkforbund vil heller ikkje ha noko med det å gjere, seier Christiansen.

– Derfor håpar eg at det blir ein annan stad.

Bakgrunnen for boikott-diskusjonen er mellom anna at ikkje alle spelarane får visum. I fjor blei israelske spelarar nekta innreise til VM. Det kan skje i år også, og i tillegg vil spelarar frå Iran og Qatar få problem.

Norges Sjakkforbund rår frå norske sjakkspelarar om å reise dersom VM blir halde i Saudi-Arabia, men vil ikkje nekte dei.

Usikker Aryan Tari

Aryan Tari

USIKKER: Aryan Tari har ikkje bestemt seg

Foto: Jørund Wessel Carlsen / NRK

Aryan Tari er også kvalifisert til VM, men veit ikkje om han vil reise til Saudi-Arabia.

– Eg har enno ikkje bestemt meg, seier han. – Men det er veldig trist at alle ikkje får delta. Samstundes er det ei veldig fin turnering for meg og mi utvikling, så derfor vurderer eg det likevel.

Tari har iranske røter, men han trur likevel ikkje det vil by på vanskar å reise til det omstridde landet.

– Eg trur ikkje eg har nokon problem med å dra dit, ettersom eg har budd i Noreg heile livet og har norsk pass, seier Aryan Tari.

Siste nytt

  • Ruuds overmann overlistet i finalen i Montreal

    Hubert Hurkacz fikk det tøft i finalen av ATP 1000-turneringen i Montreal. Polakken tok første sett, men tapte til slutt 1-2 mot spanske Pablo Carreño Busta.

    Carreño Busta vant med sifrene 3-6, 6-3 og 6-3. Seieren var spanjolens tredje ATP-tittel. De to første kom i Estoril, Portugal 2017 og Chengdu, Kina 2019.

    Hurkacz tok seg til sin tredje ATP-finale etter han slo ut Casper Ruud i semifinalen i Montreal med sifrene 5-7, 6-3 og 6-2. Carreño Busta slo ut britiske Daniel Evans i semifinalen.

    National Bank Open Montréal - Day 9
    Foto: Minas Panagiotakis / AFP
  • Målløs Botheim debuterte mot Roma

    Erik Botheim fikk sin serie A-debut for Salernitana. Han eller lagkameratene klarte ikke å hindre Romas stjernegalleri som vant 1-0.

    Botheim startet på topp sammen med Federico Bonazzoli. 22-åringen var relativt usynlig gjennom kampen, men han klarte å tvinge fram et gult kort til Chris Smalling, som gikk gjennom hele sesongen i fjor uten å få en eneste advarsel.

    Botheim ble tatt av etter en drøy time.

    Bryan Cristante scoret kampens eneste mål. Hans avslutning fra kanten av 16-meteren tok innom et bein før den seilte i mål bak Salernitana-keeper Luigi Sepe.

    Julian Kristoffersen ble byttet inn med 17 minutter igjen av kampen. Emil Bohinen er det tredje norske innslaget på Salernitana, men midtbanespilleren har en kneskade som setter ham ut i spill trolig til september. (NTB)

    Fotball, menn, U21, EM-kvalifisering Norge - Aserbajdsjan (2-1)
    Foto: Lise Åserud / NTB
  • 16-åring stoppet Vålerengas seiersrekke

    Vålerenga så lenge ut til å ta sin sjette strake seier, men en sen scoring fra HamKams Benjamin Farraas sørget 1-1 og poengdeling i Hamar.

    Tre minutter på overtid i førsteomgang ble Henrik Udahl spilt igjennom med en flott stikker fra Petter Strand. HamKam-keeper Hagen kom ut, men Udahl lobbet ballet lekker over HamKam-keeperen. En elegant scoring fra Vålerengas spiss.

    Hamar-laget satte inn nysigneringen Marcus Pedersen i håp om å få en utligning, og tre minutter på overtid kom scoringen.

    Et klønete forsvarsspill fra Vålerenga, hvor Oldrup Jensen sparket ballen i Benjamin Faraas og i mål ble utslagsgivende. Det er 16-åringens første scoring i Eliteserien.

    – Å gjøre mitt første mål er veldig gøy. Alle mål og alle poeng må vi ta med oss. Det er ekstremt gøy, sier Faraas til Discovery etter kampen.

    Eliteserien 2022: Hamkam - Vålerenga
    Foto: Geir Olsen / NTB

Sendeplan

Kl. Program Kanal
Spilleliste med 52 klipp
Sport
Spiller nå
Her stagediver Vetle Sjåstad Christiansen etter den fjerde Blink-seieren 00:55
Neste