Tottenham-siger i kjensleladd avslutning på «The Lane»

Tottenham avslutta 118 års fotballhistorie på White Hart Lane med stil og 2-1 over Manchester United.

Invasjon av The Lane

MEMORY LANE: Etter kampslutt storma tusenvis av fans bana for siste kamp etter 118 år

Foto: IAN KINGTON / AFP

Laster innhold, vennligst vent..

Harry Kane skulle få æra av å score Tottenhams siste mål på den ærverdige arenaen i 2-1-sigeren over Manchester United.

White Hart Lane

SISTE KAMP: Ein Tottenham-supporter har storma bana og svingar seg i tverrliggaren etter siste kamp på White Hart Lane

Foto: Frank Augstein / AP

Tottenham var klart best i avskjedskampen på si gamle heimebane. Med sigeren sikra dei definitivt andreplassen – beste ligaplassering sidan 1963. For United betydde tapet at dei ikkje lenger kan bli blant topp fire.

Og Tottenham avslutta The Lane-historia på beste måte. Ikkje ein einaste ligakamp har dei tapt på heimebane den siste sesongen. Faktisk var sigeren den 14. på rad.

Victor Wanyama sende heimelaget i leiinga etter berre fem minutt, og tre minutt eter pausen dobla Harry Kane leiinga.

Men 20 minutt før slutt reduserte United ved Wayne Rooney med Uniteds første bortemål mot nokon av topplaga denne sesongen. Uniteds veteran og mangeårige Premier League-profil fekk æra av det aller aller siste på White Hart Lane.

Den neste sesongen skal Tottenham spele heimekampane sine på sjølvaste Wembley, i påvente av at White Hart Lane skal rivast og byggjast opp att. Den nye arenaen skal koste rundt 9 milliardar kroner og ha sitjeplass til 61.559 tilskodarar.

Etter kampen storma fansen bana. Kamp nummer 2620 var slutt. Den første gjekk mot Notts County i 1899. Den siste mot Manchester United 14. mai 2017.

Harry Kane scorer

SISTE SPURS-SCORING: Harry Kane set inn 2-0 og Tottenhams aller siste mål på ærverdige White Hart Lane

Foto: IAN KINGTON / AFP
Laster Twitter-innhold
Laster innhold, vennligst vent..

Siste nytt

  • Casper Ruud videre i Miami

    Casper Ruud slo mandag Jason Jung fra Taiwan i to strake sett og er videre til 2. kvalifiseringsrunde i Miami Open, som er siste hinder før turneringen. Nå venter vinneren av oppgjøret mellom australske Alex Bolt og Jevgenij Donskoj fra Russland.

    Tennis - Australian Open - Casper Ruud of Norway v Quentin Halys of France - Court 19, Melbourne, Australia
    Foto: Thomas Peter / Reuters
  • Ajer klar til Spania-kampen

    Kristoffer Ajer blir klar til den første EM-kvalifiseringskampen borte mot Spania på lørdag, i følge landslagssjef Lars Lagerbäck. 20-åringen fullførte ikke for Celtic mot Dundee lørdag, etter at han fikk en smell i ansiktet og måtte ha behandling.

    A-landslag fotball menn 2018 Norge-Bulgaria
    Foto: Terje Pedersen / NTB scanpix
  • Sundby ferdig for sesongen

    Martin Johnsrud Sundby står over verdenscupavslutningen i Canada, skriver Norges Skiforbund i en pressemelding. «Luften har rett og slett gått ut av ballongen», heter det. Totalt skal 20 norske utøvere delta i minitouren i Quebec.

    Sundby.
    Foto: Håkon Mosvold Larsen / NTB scanpix

Sendeplan

Kl. Program Kanal