– Vi scora fire men vi skulle ha scora seks eller sju, men 4–0 viser kva for eit lag vi har, seier tomålsscorar Harry Kane til SkySports etter kampen.
Tottenham hadde ein alle tiders sjanse til å ta inn på Leicester i kampen om ligagullet, etter at Leicester tapte to poeng i ein ellevill 2–2 kamp mot West Ham i går. Dei kvite frå Nord-London gjorde ingen feil og vann enkelt 4–0.
No berre fem poeng som skil laga med fire kampar att av årets sesong.
– Vi såg at dei tapte poeng i går og fekk ein ekstra boost av det, sa Tottenhams Christian Eriksen i intervjuet etter kampslutt.
Han noterte seg for to målgjevande pasningar.
Rett i føringa
Tottenham fekk ein draumestart på kampen, då ligaens toppscorar Harry Kane sende dei i føringa allereie etter ti minutt av kampen.
– Det tidlege målet var bra for oss. Det gjorde at vi kunne senka skuldrene, seier Eriksen.
Etter halvspelt andre omgang dobla stjerneskotet Dele Alli leiinga som vart spelt gjennom aleine med keeper. Der gjorde ungguten ingen feil.
3–0 kom like etter at Erik Lamela vart spelt gjennom, og medan forsvaret til Stoke sto og ropte på offside gjekk Lamela mot mål. Med seg hadde han Kane, som fekk spelt ballen til seg og enkelt kunne trille inn laget tredje scoring.
4–0 kom etter 82 spelte minutt, då Christian Eriksen fann Alli som drog til på volley frå 16 meter. Tidlegare i omgangen kunne Alli ha scora endå eit mål, då han runden keeper, men sette ballen i stolpen.
– Eg aner ikkje korleis eg bomma på den, så eg får vel ta litt ekstra avslutningstrening, seier Alli.