Hopp til innhold

Skjelbreid kan ikkje begripe Olsbu Røiselands prioritering: – Kastar bort ein kjempesjanse

ANNECY (NRK): Liv Grete Skjelbreid er skuffa over at Noregs store samanlagtfavoritt har gitt opp verdscupen allereie. Skjelbreid meiner det er defensivt at Marte Olsbu Røiseland ikkje tør å satse både VM og verdscup.

Marte og Liv Grete

USAMDE: Marte Olsbu Røiseland (t.v.) meiner ho bør fokusere på VM framfor verdscupen, medan Liv Grete Skjelbreid meiner ho bør fokusere på begge delar.

Foto: Scanpix/NRK

Det norske landslaget i skiskyting har hatt ein usedvanleg god sesongstart både på herre- og damesida. På plass i Annecy er dei klare for den siste verdscuprunden i 2019, men den antatt beste norske kvinnelege skiskyttaren er ikkje på plass.

Vil spare krefter

Marte Olsbu Røiseland (29) har nemleg bestemt seg for å droppe dei tre individuelle renna i Frankrike for å ha ein lengre treningsperiode heime, og spare krefter inn mot verdsmeisterskapet i Anterselva i februar.

Det reagerer NRKs skiskyttarekspert og tidlegare verdscupvinnar Liv Grete Skjelbreid sterkt på.

– Ho kastar bort ein kjempesjanse til å vinne begge delar, noko eg trur ho kunne klart. Ho hadde komme til VM som favoritt sjølv om ho hadde gått for samanlagtsigeren i verdscupen, seier Skjelbreid.

Skiskyting verdenscup

LITT KANT UT: Marte Olsbu Røiseland har vore lynrask i sporet i vinter, men har hatt litt kant ut på standplass. Likevel er ho nummer fire i verdscupsamandraget.

Foto: Fredrik Sandberg / TT NYHETSBYRÅN

– Tidenes moglegheit

Det har berre skjedd to gonger sidan tusenårsskiftet at ei norsk kvinne har vunne verdscupen i skiskyting samanlagt: Liv Grete Skjelbreid i 2003/2004-sesongen og Tora Berger i 2012/2013.

Derfor meiner Skjelbreid Noreg burde gå hardt inn for å ta heim samanlagtsigeren i år.

– Eg synest det er defensivt, for Marte har kanskje tidenes moglegheit viss ho hadde gått dei tre individuelle renna her før jul. Det er noko med å gripe den sjansen når ein har han. Ho kan kanskje få sjansen igjen, men ho har den definitivt i år.

Liv Grete Skjelbreid vann verdscupen i 2004

2004 var Liv Grete Skjelbreid sin store sesong. Ho vann fire gull under VM i Oberhof og vann verdscupen samanlagt.

Foto: Lise Åserud / NTB Scanpix

Med det meiner Skjelbreid at andre samanlagtfavorittar som Lisa Vittozzi og Kaisa Mäkäräinen har opna sesongen svakt.

Og sjølv om Olsbu Røiseland har hatt nokre fleire bomskot enn ho brukar på standplass, har ho hatt raskast langrennstid i nesten alle renn ho har stilt opp i.

Olsbu Røiseland har høyrt kritikken frå NRKs ekspert, og svarer følgjande i ei tekstmelding:

– Dette er ein del av ein langsiktig plan som blei bestemt for lenge sidan. I år treng eg ein litt lengre treningsperiode for å stå sesongen heilt ut og vere best mogleg førebudd til VM. Det var sjølvsagt tøft å reise heim nå etter ein god sesongstart, men av og til må ein gjere nokre tøffe prioriteringar for å lykkast!

– Bør klare det viss konkurrentane klarer det

29-åringen frå Froland er nummer fire i samandraget før sprinten i Annecy, men Skjelbreid trur ikkje det er mykje som skal til før ho hadde tatt igjen leiinga til italienske Dorothea Wierer.

– Viss Wierer går eitt dårleg renn, så er ho plutseleg heilt i rygg. Sesongen er lang, så eg hadde ikkje gitt opp nå. Wierer går absolutt alt, og ho satsar sjølvsagt også mot VM på heimebane. Viss konkurrentane klarer det, så skal jo me klare det.

Sverre Waaler Kaas

PRIORITERER VM: Sverre Waaler Kaas meiner det er riktig å gå all-in for VM-gull.

Foto: Henrik Myhr Nielsen / NRK

Kvinnelagets trenar Sverre Waaler Kaas forstår kritikken, men støttar likevel valet til løparen sin om å ta tidleg «juleferie».

– Me kan jo seie at: «Det skal me prøve ut». Men viss me sit her etter sesongen og ikkje har tatt medalje i VM og ikkje har klart verdscupen, så meiner me at vi ikkje har gått all-in for nokon ting, seier Kaas og legg til:

– Ho har fleire sesongar framover der ho kan ha fullt fokus på verdscupen. Men i år er VM i Anterselva, der trivst ho veldig godt og ønsker å lykkast. Ved å stå over her og heller trene heime har ho gjort alt ho kan for å prøve å ta det gullet, seier landslagstrenaren.

Han fortel at ho i staden skal gå eit showrenn på fotballstadion til den tyske Bundesliga-klubben Schalke i romjula.

Det same skal mange av dei største skiskyttarstjernene i Europa, og det heile blir ein slags hyllest til Laura Dahlmeier som la opp etter førre sesong.

Fleire nordmenn kan hevde seg

Ingrid og Tiril

FORMSTERKE: Ingrid Landmark Tandrevold (t.v.) og Tiril Eckhoff har begge opna sesongen sterkt, og i Hochfilzen var dei nummer éin og tre på jaktstarten.

Foto: GEORG HOCHMUTH / AFP

At Olsbu Røiseland har gitt opp verdscupen samanlagt betyr at det er desto større sjansar for lagvenninnene hennar å hevde seg i samandraget.

Etter ei strålande sesongopning er Ingrid Landmark Tandrevold beste norske kvinne i verdscupen, og 23-åringen ligg no på andreplass. Tiril Eckhoff er på 7.-plass, og Skjelbreid meiner begge desse kan hevde seg i kampen om den gule trøya.

– Eg håper verkeleg at me får sjå dei to jentene bite tennene saman og kjempe. Ikkje berre tenkje VM, men også verdscupen samanlagt, seier ho.

Men Tandrevold fortel at ho ikkje tenker spesielt mykje på den gule samanlagttrøya.

– Eg kan ikkje skryte på meg å ha vore stabiliteten sjølv opp gjennom, så det er ikkje eit mål eg har sett meg. Men sjølvsagt er det kjempegøy å vere med oppi der, og eg vil jo halde fram med å gå gode skirenn.

Siste nytt

  • Norsk fotball sikret viktig rankingplass

    Hellas kan ikke lenger ta igjen Norge på Uefa-rankingen som fordeler europacupplasser for menn fra sesongen 2025/26.

    Dermed ender Norge på 14.-plass på Det europeiske fotballforbundets (Uefa) nasjonale klubbkoeffisienter. Det betyr at årets mester i Eliteserien vil gå rett inn i den siste kvalifiseringsrunden til mesterligaen neste år.

    Skulle det ikke gå veien der, er Norges beste lag uansett garantert gruppespill i europaligaen.

    Spenningen rundt 14.-plassen levde fram til torsdag ettersom Hellas hadde to lag i conferenceligaen; Olympiakos og PAOK. Sistnevnte røk ut klart for Brugge, mens førstnevnte ble holdt til straffesparkkonkurranse mot Fenerbahçe.

    Dermed ender Hellas bak Norge på den nevnte Uefa-rankingen.

    Fordelingen av europacupplasser blir slik for Norges del sesongen 2025/26:

    * To lag i kvalifiseringen til Mesterligaen (1.- og 2.-plass i ligaen)

    * Ett lag i kvalifiseringen til Europaligaen (cupvinner)

    * To lag i kvalifiseringen til Serieligaen (3.- og 4.-plass i ligaen)

    Otfs84t2WGM
    Foto: NTB
  • Utrolig rekord av Leverkusen - ubeseiret i 44 kamper

    Bayer Leverkusen gikk seirende ut av kvartfinalen mot West Ham i Europaligaen, og like før slutt i London torsdag kveld sørget Leverkusen for at de unngikk tap nok en gang.

    Kampen på London Stadium endte 1-1 etter at Jeremie Frimpong utlignet minuttet før slutt. Dermed ble det den 44. kampen på rad at Leverkusen unngikk tap.

    Det er rekord for lag fra topp fem-ligaene. Juventus hadde den gamle på 43 strake kamper uten tap mellom mai 2011 og mai 2012.

    Den elleville rekken til Leverkusen har sørget for at klubben har vunnet Bundesliga for første gang i historien, de er i den tyske cupfinalen og i semifinalen i Europaligaen.

    I kvartfinalen mot West Ham vant Leverkusen 2-0 hjemme. I bortemøte ble de liggende under etter Michail Antonios scoring etter et snaut kvarter.

    West Ham presset på for en scoring som ville gitt ekstraomganger, men i stedet sørget altså Frimpong for 1-1 i kampen og 3-1-seier sammenlagt for de tyske seriemesterne.

    I semifinalen møter de Roma for andre sesong på rad. Forrige sesong vant Roma 1-0 sammenlagt.

    Leverkusen-jubel mot West Ham
    Foto: BEN STANSALL / AFP
  • Mirakelet uteble for Liverpool – slått ut av Europa

    Liverpool trengte et mirakel, men det ble bare 1-0-seier borte mot Atalanta. Den italienske klubben er klare for semifinale, mens Jürgen Klopps europaeventyr med Liverpool endte i Europaligaens kvartfinale.

    Etter 0-3-tapet hjemme på Anfield forrige uke, var det et fryktelig utgangspunkt Liverpool reiste til Bergamo med.

    Der fikk de akkurat den starten de trengte, da Trent Alexander-Arnold skaffet straffe etter fem minutter. Mohamed Salah var sikker og scoret kveldens første.

    Liverpool hadde fortsatt godt over 80 minutter til på å hente opp ledelsen til Atalanta, men tiden gikk og de store sjansene uteble.

    Flere mål ble det ikke, og Atalanta vant dermed 3-1 sammenlagt.

    For Liverpool-manager Jürgen Klopp ble det dermed en tung avslutning i Europa.

    I januar fortalte Jürgen Klopp at han gir seg som Liverpool-manager etter sesongen, og finalen i Europaligaen i Dublin 22. mai kunne blitt et perfekt punktum for Klopps karriere i Merseyside-klubben.

    Slik gikk det ikke, og dermed er det de seks siste serierundene i Premier League-gulljakten som gjenstår av Klopps Liverpool-karriere.

    Salah

Sendeplan

Kl. Program Kanal