Tora Berger kontrollerte det meste og tok sin tiande siger i dei 20 individuelle renna som har vore arrangerte i verdscupen denne sesongen. Totalt har ho no 26 verdscuprigrar i karrieren.
– Det er nesten ikkje fleire ord som kan beskrive denne jenta, sa NRKs ekspertkommentator Liv Grete Poirée då Berger gjekk i mål.
Med fire bom i dei vanskelege vindforholda var ho 31 sekund føre Marie Dorin Habert.
Trudde ikkje på siger
– Eg trudde ikkje det skulle bli siger, men eg skaut vel bra etter forholda, sa Tora Beger til NRK.
Ho tykte det var mykje vind i periodar, men seier at ho sjølv var relativt heldig med forholda.
– Eg var heldig på begge liggande skytingan då vinden roa seg akkurat då eg skulle skyte. Det var ikkje så gale på første ståande heller, men den siste var litt vanskeleg, sa ho.
Video: Sjå Tora Berger gå i mål
Personleg best av Tiril
Tiril Eckhoff overraska med sjetteplass med fire strafferundar. Det er hennar beste verdscupplassering nokosinne. Ho var 2.39 bak Berger.
– Det er kjempeartig. Vi har mange som er gode nok til topp ti, seier Berger.
og gjekk ut 12 sekund føre Darja Domratsjeva. Etter første skyting hadde ho auka til 32 sekund, ettersom Domratsjeva fekk ein bom. Berger skaut fullt.
På andre skyting bomma ho med første skotet, men leia likevel. Ho var 6,9 sekund føre Marie Dorin Habert, som skaut feilfritt.
Vanskeleg vind
Det var vanskeleg vind då Berger kom inn til tredje skyting. Det gav to strafferundar. Men konkurrentane bomma også, og ut frå skyting var ho nummer to, seks sekund bak Dorin Habert. Den franske jenta kom frå det med ein bom.
Avstanden hadde Tora Berger utlikna inn mot siste skyting. – Ho vil nok ha skive 1, sa, Liv Grete Poirée.
Der var ho i ferd med å levere ein Tora spesial. Men ho bomma med det aller siste skotet.
– Eg trudde eg skulle skyte fullt. Men eg vart litt riven med på slutten, sa Berger.
Strafferunden betydde likevel ingenting, og ut på sisterunden hadde ho full kontroll.
Fanny Welle-Strand Horn vart nummer 25 med åtte strafferunfar.
V-cup-renna i Holmenkollen blir avslutta med fellesstart søndag.