NRK Meny
Normal

Her har Tora Berger avgjort verdscupen

Tora Berger har vunne verdscupen i skiskyting denne sesongen. Det er klart etter at ho kjempa seg til ein dramatisk siger i fellesstarten i Holmenkollen.

Tora Berger

Så glad er Tora Berger etter å ha avgjort verdscupen på heimebane i Holmenkollen

Foto: Kaj Pedersen / NRK

Før sesongen uttalte ho at verdscupen var hennar store mål denne vinteren. No har ho nådd målet allereie når det står att fem individuelle renn.

For Tora Berger har med sine 1069 poeng ei leiing på 321 til Darja Domratsjeva på andreplass. Ingen kan dermed ta henne igjen.

– Det var herleg. Eg visste før start at om eg vann i dag, ville eg også sikre verdscupen. Eg tenkte ein del på det på sisterunden, sa ho til NRK rett etter målgangen.

– Dette var målet mitt i vinter, og det er ekstra herleg å klare det med tre sigrar på heimebane her i Kollen, i så fint ver og med eit så engasjert publikum, la ho til.

– Men av og til lurer eg litt på kvar eg klarer det, seier ei overlykkeleg Tora Berger, som på toppen av alt skal få tildelt Holmenkollmedaljen seinare i dag.

Video: Her går det nesten gale for Tora på siste skyting. (Artikkelen held fram)

Tora Berger fikk to bom på siste skyting.

Her kunne ho mista sigeren: Siste skyting gav to bom

To bom kunne øydelagt

To bom heldt på å øydelegge for Tora Berger på fellesstarten i Holmenkollen. Men Tora avgjorde likevel i spurten.

– Der er fellesstarten i Holmenkollen avgjort, ropte NRK-kommentator Andreas Stabrun Smith. Då hadde "Lesja-ekspressen" lagt inn det siste rykket og knekt Anastasija Kuzmina i kampen om sigeren.

Då var det klart at Berger hadde vunne løpet og så godt som sikra seg sigeren i verdscupen samanlagt.

– Eg var nesten fornøgd med andreplassen då eg gjekk ut etter skytinga. Men eg har tapt for Kuzmina før, og hadde ikkje lyst til å gjere det igjen. Det gav meg nok krefter på slutten, sa Tora Berger – sliten etter ein lang sesong og etter sit tredje løp på tre dagar i Kollen.

– Kvar hentar du eigentleg kreftene frå?

– Kanskje fordi eg ikkje løftar blikket og ser kor langt det er igjen til toppen av bakken, gliser Tora.

I mål var ho 5,4 sekund føre Anastasija Kuzmina. Darja Domretsjeva kom på tredjeplass.

Tora Berger skaut to bom på den siste ståande skytinga og gjorde det utruleg spennande på den siste runden.

Duell på sisterunden

Etter tre feilfrie skytingar måtte Berger derfor ut i to strafferundar etter siste skyting. Ut frå siste skyting hadde ho derfor berre 3 sekunds leiing på Kuzmina.

Den slovakiske løparen drog frå Berger ut på den siste skytinga, men det straffa seg. For då Berger kom tilbake og litt seinare rykka,klarte ho ikkje å følgje. Berger gikk inn til sin 11. v-cup-siger i vinter, den 27. totalt, og den tredje av tre mogelege i Kollen.

Video: Her går ei utsliten Tora Berger i mål (artikkelen held fram)

Tora Berger sikret seg i dag sammenlagtseieren i verdenscupen, med seier i Holmenkollen.

Berger vant verdenscupen

Vinden i Holmenkollen var ujamn også søndag, men ikkje like sterkt i kasta som under jaktstarten laurdag – ein distanse Tora Berger også vann.

Tora Bergers to liggendeskytingar var perfekte, men ho hadde likevel tett følgje av Vita Semerenko ut frå andre skyting.

– Ho nøler ikkje i det heile, ho berre går rett på. Det er Tora god på, sa Liv Grete Poirée.

Berger smelte til med ein "Tora spesial" på første ståande, men Semerenko følgde opp. Berre 10 sekund skilde i Bergers favør ut frå standplass. Inn til siste skyting hadde ho auka til 19, og alt såg lyst ut.

Men etter to bom på siste skytingblei det spennande igjen. Semerenko bomma også to gonger og var ute av biletet, men Kuzmina skaut fullt.

Men Kuzmina var heilt utsliten etter å ha prøvd å rykke frå i starten av den siste runden, og kunne ikkje by Berger motstand på slutten.

Dei tre andre norske deltakarane hamna eit stykke nede på lista. Tirl Eckhoff bomma seks gonger og vart numemr 20. Fanny Welle-Strand Horn vart nummer 23 med fire bom, og Synnøve Solemdal nummer 30 og sist i feltet. Ho bomma seks gonger.

Siste nytt

  • Ønsker å trene med Johaug

    Astrid Uhrenholdt Jacobsen håper «med hver eneste celle i kroppen» at Therese Johaug fortsetter til tross for at lagvenninnen mister OL neste år. – Heldigvis kan hun trene med hvem hun vil på privaten. Jeg har i alle fall et ønske om å bidra der. Jeg tror det blir viktig å ha noen ting felles, sier Jacobsen til NRK.

    Lagvenninnene støtter Johaug

Sendeplan

Kl. Program Kanal
EM ryttersport: Dressurridning og sprangridning