Hopp til innhold

Toppserietrenar kallar seriestarten «misforstått likestilling»

I starten av juli skal Toppserien byrje igjen. Lyn-trenar Ole Johan Aas meiner det er «misforstått likestilling».

Lyn-trener

KRITISK: Lyn-trenar Ole Johan Aas kallar Toppserie-starten for «misforstått likestilling». ​​​​​​​

Foto: Frode Søreide / NRK

– Vi gjer ein så stor inngriping i dei enkeltes kvardag, at det er viktig å stille seg spørsmålet om dette er riktig, både etisk og moralsk. Det skal ikkje eg gi nokon fasit på, men eg meiner det er viktig å løfte spørsmålet, seier Lyn-trenar Ole Johan Aas.

Førre veke vart det avgjort at Toppserien skal byrje i starten av juli. Spelarane må følgje dei same smittevernreglane som herrane. Det betyr at spelarane ikkje får lov til å gå på andre jobbar, vere på skule eller ta kollektivtransport, for å nemne noko.

– Vanlegvis er eg veldig for likestilling mellom kvinne- og herrefotball, men akkurat i denne situasjonen føler eg det hadde vore betre å bruke dette som eit døme på kor stor forskjell det er mellom kvinne- og herrefotball, seier Lyn-målvakt Mari Refsnes Hasselknippe.

– Dei har faktisk moglegheit til å gå i karantene utan at det har noko å seie for jobb eller skule, medan så godt som alle i toppserien står i ein utfordrande situasjon, legg ho til.

– Blir tvinga til å velje fotball

Lyn

I gang: Toppserie-spelarane kan frå og med 25. mai trene saman. Det føreset at spelarane kan leve så å seie i karantene.

Foto: Frode Søreide / NRK

Klubbane og laga i Toppserien har fått eit ekstra tilskot på 1,1 millionar kroner frå Fotballforbundet (NFF) og interesseorganisasjonen Toppfotball Kvinner (TFK). Pengane skal bidra til å kjøpe fri spelarar frå jobb eller å gjere det enklare å kombinere skule og fotball.

Likevel:

– Dette er utøvarar som frå før ofrar enormt mykje for idretten sin. Dei har vorte så gode fordi dei gjer det, men dei får så lite tilbake, og no er utfordringa at dei ofrar mykje frå før med studiar og jobbar, og så blir dei to sett opp mot kvarandre, seier trenar Aas, og legg til:

– Dei blir jo tvinga til å velje fotball, i og med at viss dei vel noko anna, så rykkjer den klubben dei er glade i ned. For det gjer vi om vi ikkje kan stille til start i første serierunde, seier han.

Lyn 3

KREVJANDE: Lyn-målvakt Mari Refsnes Hasselknippe måtte nesten seie opp jobben for å få spelt fotball i Toppserien.

Foto: Frode Søreide / NRK

For Hasselknippe, som jobbar i matbutikk, så såg det ei periode ut som om ho måtte seie opp jobben. Det ordna seg til slutt ved at ho ikkje vart sett opp på jobb fram til 20. juli. Ho vil gjere det ho kan for å velje fotballen, men vil helst kunne kombinere det med annan jobb.

– Då står eg i ein situasjon der eg eventuelt må seie opp eller ut av karantene. Eventuelt må eg få bytta bort vaktene mine, men det er utfordrande å få bytt vaktene i den perioden, seier ho.

Tvilte på at det var mogleg

Trenar Aas seier at han synest NFF og TFK har gjort ein god jobb med å leggje til rette. Likevel kallar han starten for «misforstått likestilling».

– Hadde vi hatt dei same vilkåra som gutane i form av lønningar, ressursar rundt klubben, sponsorstøtte og vidare, så hadde vi hatt dei same mogelegheitene til å følgje opp jentene i kvardagen denne perioden. Vi gjer så godt vi kan, men no skal vi setje 21 jenter i karantene. Det blir veldig mykje tid og ressursar for å få det til å bli ei ordning som vi er trygge på at er god for dei, seier Aas.

Både hos Fotballforbundet og interesseorganisasjonen har ein full forståing for at dette kan vere tøft, både for spelarar og klubbar. Samtidig meiner NFF at dette var det beste valet.

Eliteserien 2020

HÅPER: Toppfotballdirektør Lise Klaveness håper at dei strenge karantenereglane for toppfotballen blir kortvarig.

Foto: Terje Pedersen / NTB scanpix

– Dette er ikkje noko NFF påfører nokon. Det er ei frivillig ordning som Toppserien og Lyn ønsker å vere med på for å spele fotball. Det er ein krevjande situasjon, men heldigvis får spelarane lønnskompensasjon viss dei må ha ulønt permisjon og dei ikkje kan ha heimekontor i perioden, seier direktør for toppfotball i NFF, Lise Klaveness.

Hege Jørgensen i TFK innrømmer at ho ikkje hadde trua på at dei strenge karantenereglane var gjennomførbare i Toppserien.

– Eg tenkjer at det er ekstremt. Det følgjer eg han heilt på. Det er klart vi veit at dette er svært inngripande. Det er ein situasjon som ikkje kan halde fram over tid, det er vi alle innforstått med. Men risikoen med å vente er for stor, då går nok heile sesongen i vasken, om vi skulle vente meir på at karanteneavgjerdene skulle endrast, seier Jørgensen.

– Det er ikkje noko alternativ B

Også andre klubbar peikar på at dette er ein utfordrande situasjon.

– Dette er tøft for spelarane, det er det. Det er sånn at når vi har prata om dette, så har vi teke utgangspunkt i ein til tre månaders perspektiv. Eg trur ikkje det er nokon som trur at spelarane kan vere i karantene til midten av november, seier dagleg leiar i Klepp, Thomas Langholm Engen.

– Dette er alternativet. Det har både positive og negative sider. Det er ikkje noko alternativ B. Men sjølvsagt er det tøft, legg han til.

I Kolbotn er det framleis seks-sju spelarar som dei ikkje har lykkast med å få kjøpt fri frå jobb. I tillegg har dei fire-fem studentar som må fullføre skuleåret før dei kan gå i karantene.

– Det er relativt krevjande prosessar, men totalt sett har vi lykkast ganske godt og komme godt ut av det. Vi snakkar om ein god del titusen per månad totalt i meirkostnader og kompensasjon til spelarlønningar. Det er eit betydeleg beløp, seier dagleg leiar for toppfotball i Kolbotn, Einar Engedahl.

Sportsnyheter

Premier League - Arsenal v Chelsea

Leken Ødegaard ydmyket Chelsea: – En magiker

Arsenal dundret inn både én, to, tre, fire og fem scoringer mot Chelsea. Etter to målgivende hagler det med komplimenter til Martin Ødegaard.

Jan Jönsson

Treneren stormet banen, ble utvist og prøvde å klemme dommer: – Ikke akseptabel oppførsel

I kampen mellom Vålerenga og Stabæk ble det baluba på overtid. I sentrum: Stabæk-trener Jan Jönsson.

Siste nytt

  • Warholm-rival klar for Bislett-duell

    Norges hekkeløpsfenomen Karsten Warholm skal opp mot 2022-verdensmester Alison dos Santos under Bislett Games i Oslo 30. mai.

    Det bekrefter arrangøren i sine mediekanaler.

    Dos Santos ble verdensmester på 400 meter hekk i Eugene i 2022. I forkant av mesterskapet hadde Warholm trøblet med en skade, og nordmannen var dermed ikke i nærheten av å utfordre brasilianeren.

    I fjor slo Warholm tilbake med gull i Budapest. Da ble Dos Santos nummer fem. (NTB)

    Verdensmesterskapet i friidrett 2022
    Foto: Stian Lysberg Solum / NTB
  • Det østerrikske forbundet bekrefter: Går mot comeback for Hirscher - for Nederland

    Tirsdag kveld skrev flere sveitsiske medier at det går mot comeback for alpinlegenden Marcel Hirscher.

    Onsdag morgen bekrefter det østerrikske skiforbundet at de har vært i samtaler med Hirscher og at Hirscher der har bedt om å få kjøre for Nederland. Det ønsket har det østerrikske skiforbundet godkjent.

    Det sier generalsekretær Christian Scherer.

    Scherer forteller at det østerrikske forbundet forsøkte å overtale ham til å gjøre comeback for Østerrike, men nå blir det altså trolig Nederland.

    Hirscher har foreløpig ikke selv bekreftet et comeback. 35-åringen har en mor fra Nederland.

    Østerrikeren anses som en av tidenes beste alpinister og kan skilte med 67 verdenscupseiere. I tillegg vant han verdenscupen sammenlagt hele åtte år på rad, fra 2011/2012-sesongen til 2018/2019.

    – Oi, dette høres spennende ut. Hvis dette stemmer kan det bli et enormt sirkus å følge til vinteren, sier NRKs alpinekspert Nina Haver-Løseth.

    Hun er likevel usikker på om han blir like overlegen som han tidligere har vært.

    – Det kommer helt an på hvor mye han har vedlikeholdt og utviklet seg i tråd med idretten. Nivået har vært skyhøyt de siste sesongene, sier Haver-Løseth.

    Tidligere i vår ble det kjent at Lucas Braathen gjør et lignende comeback for Brasil, hvor Braathens mor er fra.

    Austrian Alpine Ski World Cup winner Marcel Hirscher attends a news conference in Vienna
    Foto: LEONHARD FOEGER / Reuters
  • Nervøs Alcaraz overrakte gjev pris til Bellingham

    Spanske Carlos Alcaraz innrømmer at han var full av nerver før han mandag skulle gi Jude Bellingham Laureus-prisen som årets mannlige gjennombrudd.

    Den unge tenniskometen bretter ut om følelsene han kjente på før han entret scenen i Madrid.

    – Helt ærlig så følte jeg meg ikke komfortabel i det hele tatt. Jeg var så nervøs, og beina mine skalv. Jeg øvde på talen 50 ganger for å forsikre meg om at alt ble perfekt. Jeg er ikke vant til å snakke foran så mange idrettslegender. Det var en flott opplevelse, fortalte Alcaraz på en pressekonferanse i forkant av Madrid Open.

    Den 20 år gamle verdenstreeren beskriver øyeblikket da han ga Bellingham prisen som «vakkert».

    – Jeg har så stor respekt for ham. Han er en fantastisk atlet, så jeg er glad for at jeg fikk oppleve dette.

    Alcaraz fikk selv prisen som årets gjennombrudd under fjorårets utdeling. 20-åringen har tatt den internasjonale tennisscenen med storm de siste årene, blant annet ved å vinne både US Open (2022) og Wimbledon (2023).

    Denne uken skal spanjolen forsøke å ta sin tredje strake tittel i Madrid Open. Alcaraz er andreseedet i turneringen.

    (NTB)

    Alcaraz
    Foto: AP

Sendeplan

Kl. Program Kanal