Toppidrettssjefen beklagar svake OL-resultat

RIO DE JANEIRO/OSLO (NRK): Tore Øvebrø måtte stå skulerett for media då han skulle oppsummere den svake norske OL-innsatsen.

øvrebø

SKUFFA: OL i Rio gjekk ikkje slik toppidrettsjef Tore Øvrebø hadde håpa på.

Foto: Johansen, Erik / NTB scanpix

– Me hadde ei målsetjing før me drog hit, ei målsetjing som gjaldt både OL og paralympics. Me har ikkje klart målsetjnga på OL-delen. Viss de lurar på kven som har ansvaret for det, så er det meg, seier Tore Øvrebø.

Null gull, null sølv, og fire bronsar er status etter sommar-OL i Rio 2016. Det er under målsetjinga før leikane, som var å gjere det betre enn i London for fire år sidan.

– Berre å beklage

Den siste norske utøvaren i leikane var Sondre Nordstad Moen, som kom i mål til ein 19. plass i OL-maratonet rett før Tore Øvrebø hadde innkalt media til OL-oppsummering.

På veg bort til arenaen for medietreffet stoppa Øvrebø for å gratulere Moen med løpet, før han stilte seg opp å la seg langflat.

– Me må berre beklage at me ikkje klarte målsetijnga, som var krevjande. Me er ingen stor sommarnasjon. Me hadde nok antall medaljer, men ikkje riktig valør.

Han minner om at Paralympics gjenstår, og at dei kan klare å gjere det betre enn Londonleikane der.

– Thorkildsen lyg

Fleire har dei siste dagane kritisert måten Olympiatoppen har satsa mot OL i Rio på. Sportskommentator i Adressa, Kjetil Kroksæter seier til NRK at Norge er i ei djup sportsleg krise.

– Eg synst det er krise for toppidretten, den krisen er ein nødt til å innsjå. Dette har vore ein negativ spiral gjennom lang tid.

thorkildsen

KRITISK: Andreas Thorkildsen er kritisk til måten Olympiatoppen driv organisasjonen på.

Foto: Junge, Heiko / NTB scanpix

Også TV 2s ekspertkommentator under OL i Rio, Andreas Thorkildsen gjekk hardt ut.

– Det er blitt ein organisasjon som er overadministrert, der pengane går til administrasjonen, og ikkje til idretten. Det er ein tendens som har vokse fram dei siste åtte åra, seier Thorkildsen til TV 2.

Det får Øvrebø til å gå hardt i strupen på den tidlegare spydkastaren.

– Han lyg. Han tek feil rett og slett. Det er veldig lett å komme i kontakt med Olympiatoppen. Han har feil i alle dei punkta han nevner.

Siste nytt

  • Real Madrid ein siger frå tittelen

    Med 2-1 i bortekampen mot Granada måndag kveld kan Real Madrid sikre ligatittelen når dei møter Villarreal torsdag.

    Real leia 2-0 ved pause etter scoringar av Ferland Mendy og Karim Benzema. Men Darwin Machis reduserte for Granada like etter pause, og heimelaget var fleire gonger svært nær utlikning.

    Real Madrid leier med fire poeng på Barcelona når to kampar står att.

    Sergio Ramos, Real Madrid
    Foto: Jon Nazca / Reuters
  • Loe gir vekk «Josimar»-pengane

    Erik Loe i Noregs Fotballforbund fekk 7. juli utbetalt 150.000 kroner etter at generalsekretær Pål Bjerketvedt omtalte han i Josimar. Måndag kveld bekreftar Loe at han gir heile summen til kvinnefotballen i Stabæk. Det skriv VG.

  • Ødegaard tilbake med målgivende

    Martin Ødegaard var tilbake i startelleveren da Real Sociedad slo Villarreal 2-1 på bortebane og tok tre etterlengtede poeng.

    Ødegaard har slitt med et kne og vært langt fra nivået han viste i høstsesongen, men etter en times spill slo han corneren som Willian José headet La Real i føringen med.

    Den målgivende pasningen var drammenserens første målpoeng i 2020. Tre minutter etter scoringen ble nordmannen byttet ut, og fikk store isposer på det høyre kneet.

    Diego Llorrente doblet ledelsen, mens Santi Cazorla scoret vertenes redusering fem minutter før full tid.

    Martin Ødegaard
    Foto: JOSE JORDAN / AFP

Sendeplan

Kl. Program Kanal