– Eg tenker det er ein grunnleggande forskjell på openheit og offentlegheit. Eg meiner at NISO og Siri Gedde-Dahl (leiar i Offentlighetsutvalget) opererer med feil premiss for kritikken, seier Tore Øvrebø til NRK.
Kritikken han svarar på kjem frå leiar for idrettsutøvaranes fagforbund (NISO), som sa dette til NRK tidlegare i dag, etter at Olympiatoppen gav Eirik Verås Larsen munnkorg.
– Når det kjem signal frå Thorkildsen og Verås Larsen, er det verdt å lytta til. Det er lite audmjukt og litt arrogant å avfeia det. Eg trur neppe norsk idrett blir betre av ein slik haldning på øvste nivå, seier NISO-leder Joachim Walltin.
- Les også:
Tar til seg kritikken
Det har storma rundt toppidrettssjefen, etter at Norge leverte sitt svakaste OL-resultat på over 50 år. Fleire har uttalt seg om kva som har gått gale og kvifor resultatet har svikta. Blant anna Verås Larsen, som reiste spørsmålet om den auka pengebruken i Olympiatoppen har gått til sportsleg utvikling eller meir administrasjon.
– Eirik kan uttale seg om det som har med faget hans å gjere, men idrettspolitikk ligg andre stadar i organisasjonen. Han har mange høve til å uttale seg om kvar han meiner skoen trykkjer fagleg i dei idrettane han har kunnskap om, sa Øvrebø i går, om kvifor Verås Larsen ikkje lengre får uttala seg om det temaet.
– Vi vil ha ein open debatt internt om korleis vi skal finne vegen vidare, la Øvrebø til.
Dette utspelet har blant anna Walltin og leiar i Offentlighetsutvalget, Siri Gedde-Dahl, reagert på.
– Det kan tyda på at dei forstår seg litt dårleg på openheit, dette er ein stor, viktig og interessant debatt som kjem til å gå uansett. Då er det håplaust at dei som har greie på det ikkje får uttala seg, seier Gedde-Dahl.
– Siri Gedde-Dahl seier at Olympiatoppen ikkje har forstått omgrepet openheit, har dykk det?
– Ja, vi har forstått det på vår måte, men eg veit ikkje om ho har patent på korleis openheit skal tolkast. Men det er interessant at ho meiner det ho meiner, og vi møter ho gjerne for ein prat for å få klarlagt kva ho konkret meiner med dette, seier Øvrebø.
Men toppidrettssjefen seier dei tar til seg alle utspel som har kome i etterkant av OL.
– Vi avfeiar ingenting av den kritikken som har kome. Vi høyrer kva som blir sagt og tar det med oss inn i evalueringa vi skal ha etter at paralympisk er over, seier han til NRK.