– Ja, eg trur årets svenske landslag er godt nok til å slå England. Dei bør ha sjanse til å nå finalen, seier Svensson til NRK.
– Kan dei vinne finalen også?
– Ja, det trur eg, seier Svensson.
Tommy Svensson kom frå jobben som hovudtrenar i Tromsø til landslagstrenar-jobben i 1991. Han førte laget til semifinale i EM i 1992 og bronse i VM i 1994.
– Mange likskapar
Han ser mange likskapar med årets svenske VM-lag.
– Begge er lag der spelarane spelar for kvarandre, som trivst veldig godt saman, og med ein leiar som er tydeleg og som lyttar til andre, seier Svensson.
– Kva er dei største skilnadene?
– Dei er ikkje store. Vi hadde kanskje eit litt betre angrepsspel, men deira forsvarsspel i dag er heilt fantastisk.
Svensson rådde over eit mannskap med profilar som Thomas Ravelli, Tomas Brolin, Kenneth Andersson og Martin Dahlin.
– Vi hadde mange individualistar, men det blei eit fantastisk godt lag av det. Spelarane gjorde kvarandre bra.
– Var det hovudårsaka til suksessen i 1994?
– Det trur eg absolutt.
Overraska
Tommy Svensson har late seg overraske av Sveriges VM-resultat, ut frå føresetnadene før VM.
– Det såg ikkje spesielt bra ut då. Men vi veit at treningskampar og konkurransekampar ikkje er det same.
Han meiner sjansen er veldig stor for at Sverige i år skal nå minst like langt som hans lag gjorde i 1994.
– Det blir tøft mot England, men eg meiner vi har ein stor sjanse til å slå dei. Ein eventuell semifinale trur eg blir mot Kroatia, og dei kan vi også slå. Så sjansen for finale trur eg no er stor.
– Kan dei vinne den også?
– Ja. Ingenting er umogeleg for denne gjengen.
Sat heime og sveitta
Thomas Ravelli var målvakt på bronselaget frå 1994, og redda to straffer i kvartfinalen mot Romania.
Han såg kampen mot Sveits heime tysdag ettermiddag.
– Det var spennande. Eg hadde både handsveitte og armsveitte, seier han til Aftonbladet.
– Vi har møtt England mange gonger og har gode resultat. Det som er negativt for oss no, er at dei har brote forbanninga med straffesparkkonkurransar. Det blir ein episk match. Vi har eit «eckligt» forsvarsspel der motstandarane ikkje veit kva dei skal gjere, seier Ravelli.
Også ein annan av 94-heltane, Håkan Mild, ser likskapar mellom hans lag og dagens.
– Prinsippa byggjer på mykje av det same som den gongen. At ein jobbar for kvarandre, og at spelarane aksepterer sine roller, sa Mild til NRK etter kampen tysdag.
PS: Bronsen i 1994 er ikkje Sveriges beste VM-resultat. På heimebane i 1958 gjekk dei heilt til finalen, der dei tapte 2–5 for Brasil.