På dagens 400 meter hekk i Världsungdomsspelen i Gøteborg imponerte Karsten Warholm frå Ulsteinvik på nytt. 20-åringen sette både personleg og norsk rekord på distansen, med knallsterke 49,45.
– Eg kan ikkje klage på det, seier Warholm og ler.
Akkurat det er det ikkje særleg vanskeleg å vere einig med han i.
– Risikoprosjekt
Trass i den gode tida, har Warholm sjølv litt å utsette på gjennomføringa.
– Eg opna som ein gris, og stivna som ein gris. Det er litt av sjarmen.
Han meiner at det å reise til Sverige å konkurrere var skummelt, sjølv om han hadde planlagt det heile ned til minste detalj.
– Det heile er eit risikoprosjekt, hadde eg hatt ein dårleg dag, hadde eg ikkje fått med meg den godfølelsen inn mot EM som eg har no.
– Digg å vere so nærme
Og med tida 49,45 er det berre 5 hundredelar ned til det internasjonale kravet. Derifrå er det 10 hundredelar ned til det særnorske kravet på 49,30. For å sette det heile i perspektiv: Warholms rekord før i dag var på 49,62.
– Når skal du ta OL-kravet?
– Nei, no er det berre EM igjen, ler Warholm.
Han presiserer at det ikkje er noko han tenkjer mykje på.
– Eg kjem til å gjere mitt ytterste for å springe raskast mogleg, og om eg får ein ferietur til Brasil på kjøpet, so seier eg ikkje nei takk til det.
Vil prestere i EM
Med tidene han leverer, er Dimna-løparen heller ikkje langt unda finaleplass på 400 meter hekk i EM. På ein dag med maks klaff kan til og med medalje vere i sikte. Det vil ikkje Warholm tenke noko særleg på.
– Eg er fornøgd viss eg får ut det eg har potensiale til. Det er vanskeleg å sei konkret, men eg håpar å få ei fin tid.
Men innrømmer at medalje hadde smaka godt.
– Viss eg gjer mitt beste, og spring inn til medalje, so skal eg gå opp på podiet og ta i mot den, sjølvsagt.