Hopp til innhold

Tok grep for å unngå festing og alkohol: Fekk kritikk frå utøvarane sine foreldre

Eit motocrosslag i Oslo sette alkoholforbod for å stoppe bruken på samling. Utøvar Sissel-Sofie Larsen tykkjer det er uheldig at foreldre må feste når utøvarane skal prestere.

Next Level og teamsjef Ole-Ivar Bjørkamo

MOTOCROSS: Teamsjef Ole-Ivar Bjørkamo og utøvarane i Next Level.

Foto: PRIVAT/OLE IVAR-BJØRKAMO

– Vi har fått motbør og tilbakemeldingar på at det «må då vere lov å ta ein øl, det må då vere lov å drikke vin», seier teamsjef i Next Level, Ole-Ivar Bjørkamo.

Det er ei treningsgruppe med utøvarar i aldersspennet ti til 20 år, som blei starta opp under Oslo motorsport i 2019.

Laget valde å forby bruk av alkohol på treningssamlingar frå dag ein, men då kom kritikken på bordet – frå nokre av utøvarane sine foreldre.

Mange spørsmål

– Eg forstår at det kan verke rart at eit vakse menneske på 40 år ikkje får lov til å ta seg eit glas øl til maten. Det må ein ha forståing for at nokre meiner. Samstundes er det òg frivillig å vere med i eit lag som har visse reglar, seier Glenn Dresberg, far til ein av utøvarane.

Årsaka til alkoholforbodet var for å få opp og fram ei seriøs toppidrettssatsing, men òg fordi trenarane som blei henta inn, hadde det som føresetnad for å bli med.

Motorcrosslaget Next level og Calle Aspegren, trener

SERIØST OPPLEGG: Trenar Calle Aspegren med utøvarane sine.

Foto: Ole-Ivar Bjørkamo

Likevel har det komme kritikk mot valet.

– Det er mange foreldre som har vore negative til at vi gjer det, og det er fleire gonger vi har fått spørsmål om vi ikkje berre kan opne opp for at dei kan drikke litt, fortel Bjørkamo og fortset:

– Vi har valt å seie nei og vere standhaftige på det. For viss vi slepp til litt, slepp vi kanskje til litt meir, og så slepp vi til ein person som ikkje toler og skjønner kva litt er, så blir det mykje og så har vi det gåande.

Klar regel

Bjørkamo konkretiserer at det ikkje er motbør frå absolutt alle foreldra.

– Vi har fått mange tilbakemeldingar, men det er også tilbakemeldingar frå dei som seier at «veit du kva, dette er seriøst». Det gir oss verdiar, seier Bjørkamo.

Pappa Dresberg bekreftar dette.

Glenn og Liam Dresberg, motocross.

ENGASJERT: Glenn Dresberg saman med sonen Liam (14).

Foto: PRIVAT

– Det er alltid nokon som har meiningar om det meste. Samstundes er det utøvarar og foreldre som har komme til Next Level fordi det har vore for mykje rangling i andre miljø, seier han.

Dresberg fortel at alle no er innforstått med regelen, og syns sjølv at det er eit godt initiativ frå Bjørkamo.

– Det er enkelt å stelle seg til. Bjørkamo har forenkla det, i staden for at kvar og ein må vurdere kvar grensa går, seier han.

Det fortel også Eskild Busch. Han har to born på elleve og 13 år som køyrer for klubben.

Eskild Busch

DELAKTIG: Eskild Busch har to born som køyrer motocross.

Foto: PRIVAT

– Det å få alle til å skjønne balansegongen mellom ein øl til maten versus å ta ti i løpet av kvelden, er vanskeleg. No har eg vore med i eitt år, og eg ser ikkje den situasjonen i teamet, seier Busch til NRK.

– Foreldra har godtatt regelen?

– Ja. I ein slik type sport som krevst så mykje av både borna og foreldra, så er alkohol det siste som burde vore på bordet, seier han.

Drikkekultur

Som motorsportutøvar reiser ein rundt om i Norden omtrent kvar helg frå mars til november, og står parkert i depot samansett av bubilar, campingvogner og varebilar.

Utøvar Sissel-Sofie Larsen (20), bekreftar at det ofte er ein del alkohol i omløp på desse samlingane.

Sissel-Sofie Larsen

DÅRLEG OPPLADING: Sissel-Sofie Larsen fortel om sine opplevingar på samling.

Foto: PRIVAT

– Folk ser på løp som ein tur. At ein skal kose seg samstundes som ein hentar premiar. Foreldra tar ofte fram ein cider, som ofte blir til fleire cider på kvelden i saman med andre foreldre, seier Larsen til NRK.

– Korleis påverkar dette deg?

– Det blir mykje støy og den støyen varer langt til natt. Det har øydelagt for nattesøvnen. Ein står opp ganske tidleg og når ein ikkje får dei timane ein treng, er det ganske vanskeleg å prestere også, seier ho.

Etter at Next Level innførte forbodet, er det blitt rolegare i depotet ho bur i, men likevel kan ein høyre støy frå andre lag i nærleiken.

Ho fortel om utøvarar som blir vekt av foreldre som kjem ranglande att seint på kveld, dagen før konkurranse. Vidare seier ho at fleire utøvarar meiner dette er uheldig.

Larsen er tydeleg på at dette er ein dårleg kombinasjon.

– Det er det ikkje å komme vekk ifrå. Det er mest støtteapparatet og foreldra som ikkje deltek som oftast drikk mest, men det er òg dei som har kontroll og som skrur på køyretøyet, seier Larsen.

Pappa Busch syns også dette er unødvendig med born til stade.

– Born lærer av vaksne. Viss dei får inntrykk av at dette er norma, så set vi kanskje ein litt dårleg standard, seier han.

Depot

DEPOT: Slike husvogner og liknande står tett i tett på samlingar.

Foto: Ole-Ivar Bjørkamo

Skyve under bordet

No ynskjer teamsjef Bjørkamo at motorsportforbundet kjem på bana. Trass i at Noregs idrettsforbund har klare retningslinjer for bruk av alkohol og doping, er motorsporten fullstendig tilsidesett, meiner Bjørkamo.

– Motorsport er gløymt på mange måtar når det gjeld alkohol, samlingar, støtte og hjelp. Eg trur eg har sett antidoping på løp éin gong i alle dei åra eg har halde på. Det er ingen kontroll og ingen som handhevar dette, seier han.

Emilie Westbye, president motorsportforbundet

STØRRE FOKUS: President Emilie Westbye fortel at temaet ofte er på agendaen, men tydelegvis ikkje nok.

Foto: Fredrik Hagen / NTB

President i motorsportforbundet, Emilie Westbye tek til seg orda.

– Her har vi ein jobb å gjere, det er det lita tvil om. Vi er ein del av Noregs idrettsforbund – og det tar vi på det største alvor. Det er dessverre ikkje slik at regelverket blir respektert av alle i praksis, og det gjeld heile idretten. Vi skal garantere at vi set saka på dagsordenen i enda sterkare grad. Vi skal gjere det vi klarar, seier Westbye til NRK.

Siste nytt

  • «Kniklas» ute i lengre periode: Ikke aktuell før tidligst til høsten

    Niklas Jensen Wassberg, «Kniklas», blir borte fra fotballbanen i en lengre periode. Det skriver Brann på sine nettsider.

    – Niklas har fått en kneskade som vi fremdeles utreder og gjør vurderinger av hvilke behandlingstiltak vi skal utføre. Men det er uansett ikke aktuelt for han å være på banen igjen før tidligst til høsten, sier Brann-lege Arne Instebø.

    Det var under søndagens kamp mot Viking at 19-åringen pådro seg en kneskade.

    – Det er utrolig kjipt og veldig tungt å få denne skaden nå, men nå skal vi sammen med det medisinske apparatet finne ut hva som blir veien videre, sier Jensen Wassberg.

    Niklas Jensen Wassberg
    Foto: Carina Johansen / NTB
  • VG: Skistad sier nei til landslaget

    Kristine Stavås Skistad skal ha gitt sin endelige beskjed om at hun ikke kommer til å gå for landslaget i VM-sesongen. Det skriver VG tirsdag.

    Avisen skriver at ski-ledelsen er informert om avgjørelsen, og at det ble diskutert på et møte forrige uke.

    Norges største langrennsprofil på kvinnesiden tok fem seire i sprint forrige sesong, og hele 11 pallplasser.

    Sist fredag ble det klart at Johannes Høsflot Klæbo returnerer til landslaget, mens Astrid Øyre Slind bekreftet til NRK tirsdag formiddag at hun vraker landslaget nok en sesong.

    Kommende sesong er VM i Trondheim i februar og mars det store høydepunktet, og langrennslandslagene for den sesongen blir offentliggjort 24. april.

    Kristine Stavås Skistad
    Foto: NTB
  • Slind vraker landslaget igjen: – Jeg har ikke lyst til å skuffe noen

    Astrid Øyre Slind takker nei til landslagsplass. Hun har signert ny kontrakt med langløpslaget Aker Dæhlie.

    – Jeg har bestemt meg for å bli på Team Aker Dæhlie. Jeg turte ikke å bytte. Rent sportslig vet jeg at dette har fungert ganske bra, og da er det risikabelt å bytte i en VM-sesong, sier Slind til NRK.

    – De har sluttet å tvinge folk inn på lag, og skjønner at jeg står i det som er trygt, sier Slind.

    Langrennssirkuset er på vei inn i en VM-sesong som krones med mesterskap på hjemmebane i Trondheim. Slind sier forbundet forsøkte å overtale henne, men i påsken ga hun beskjed om at hun takker nei.

    Slind forteller at hun likevel har slitt mye med avgjørelsen, og det faktum at hun har stått utenfor resten av landslaget.

    – Jeg synes det har blitt for mye alvor og negativt rundt et valg som bare er artig. Det er idrett og underholdning. Jeg tror det kan fungere godt for begge lag, istedenfor at man skal ha dårlig samvittighet og skyld for å ikke backe. Det har blitt så mye rundt det som jeg synes har vært tungt.

    – Har du tenkt mye på det?

    – Det har jeg tenkt ganske mye på. Sikkert altfor mye. Jeg har jo ikke lyst til å skuffe noen eller sette noen i et dårlig lys. Jeg har bare lyst til å gå fort på ski. Det har ikke vært så enkelt, sier Slind og slår fast:

    – Det er godt å ha tatt et valg. Det føles som jeg har tatt det riktige valget for meg.

    NM ski Nordiske grener Lillehammer
    Foto: Geir Olsen / NTB

Sendeplan

Kl. Program Kanal