Hopp til innhold

Tok fleire gull i VM – no blir prosjektet lagt ned etter dopingutestenging

Løparane har henta ei rekke medaljar i årevis. No blir ei av dei beste friidrettsgruppene i verda lagt ned etter dopingutestenginga av trenar Alberto Salazar.

Alberto Salazar, Konstanze Klosterhalfen, Donazan Brazier, Sifan Hassan

MEDALJEVINNARAR: Alberto Salazar (til venstre) har leidd treningsgruppa i Orgeon, der Konstanze Klosterhalfen, Donavan Brazier og Sifan Hassan har vore med.

Foto: AFP / AP / AFP / Reuters

Blant løparane som var med i gruppa er verdsmeistrane Sifan Hassan (to gull i VM, 10 000 meter og 1500 meter) og Donavan Brazier (gull på 800 meter). Sistnemnde skal ikkje ha hatt Salazar som trenar, men var ein del av treningsgruppa. Også tyske Konstanze Klosterhalfen (bronse på 5000 m) var med i gruppa som no vert lagt ned.

Fredag morgon er nettsida til Oregon-prosjektet borte. Kontoane i gruppa i sosiale medium er òg lagt ned.

– Den pågåande situasjonen er forstyrrande for utøvarane, og målet deira om å fokusere på trening og konkurranse. Derfor har eg vedtatt å avvikle Oregon-prosjektet, skriv Nikes styreleiar og administrerande direktør Mark Parker til magasinet Runner's World.

Nike-sjefen peikar på at det ikkje er bevist systematisk doping eller bevis for bruk av prestasjonsfremjande stoff på utøvarane til Oregon-prosjektet. No jobbar dei med å finne nye treningsgrupper og opplegg som passar til utøvarane, som no står utan lag.

Les òg: Dopingsjokket i VM: Hevder treneren eksperimenterte med uvitende stjerner

Rasande Hassan

Etter at utestenginga vart kjent, har fleire løparar fått spørsmål om forholdet sitt til trenar Salazar. Sifan Hassan sprang inn til to VM-gull, men var opprørt etterpå. Ho meiner at ho kunne ha sett verdsrekord, viss ho ikkje måtte tenke på alle skuldingane under førebuingane.

– Eg har hatt ei tøff veke. Eg har prøvd å springe, eg prøver å vise at eg er rein og at eg alltid vil vere rein. Heilt til eg døyr, vil eg alltid vere rein, sa Hassan til NRK etter løpet.

– Eg veit ikkje kva folk tenker, eg har vore ein topputøvar sidan 2014. Korleis kan dei tru at eg er så dum at eg gjer noko sånt? Eg vil vise unge utøvarar at eg jobbar hardt. Eg vil seie til dei som trur noko sånn at dei må sjekke bakgrunnen til dei dei snakkar om, sa ho.

Utestengd i fire år

Salazar vart i førre veke utestengd av USAs antidopingbyrå USADA, som følgje av brot på dopingreglementet.

Alberto Salazar

UTESTENGD: Alberto Salazar.

Foto: Adrian Dennis / AFP

Han er skulda for å manipulere dopingprøver, tatt i bruk forbodne metodar og skaffa løparar tilgang til testosteron. Seint torsdag melde Nike at dei legg ned laget «Oregon Group», gruppa som har vore Salazars prosjekt sidan det starta i 2001.

Ifølgje USADA skal Salazar ha brukt uvitande utøvarar som prøvekaninar for eit kontroversielt treningsopplegg.

1. oktober vart trenaren utestengd i fire år.

Mistankar mot Mo Farah

Prosjektet vart starta med Salazar som sjef i 2001. Då var målet å heve nivået på amerikansk langdistanseløping. Blant løparane som har vore innom gruppa og tatt medalje er Galen Rupp (to OL-medaljer, 10 000 meter og maraton), Matt Centrowitz (OL-gull på 1500 meter i 2016).

Alberto Salazar (C) hugs Britain's Mo Farah (R) and US athlete Galen Rupp (

TRENAR: Alberto Salazar saman med Galen Rupp (til venstre) og Mo Farah i 2011.

Foto: Jung Yeon-je / AFP

Mo Farah var òg med, inntil han braut med Salazar i 2017. Det har vore ei rekke dopingmistanker retta mot Farah, men han nektar for å ha dopa seg.

– Eg er glad for at USADA har etterforska Salazar. Eg forlét prosjektet i 2017, men har alltid sagt at eg ikkje tolererer dei som bryt reglane. No er eg glad for at saka er avslutta, seier Farah i ei fråsegn ifølgje britiske Independent.

Siste nytt

  • Jonas Vingegaard utskrevet fra sykehus etter skrekkvelten i Baskerland

    Sykkelstjernen Jonas Vingegaard er ute av sykehuset etter den stygge krasjen i Baskerland rundt for tolv dager siden.

    Vingegaards lag Visma opplyser om nyheten på X.

    Vingegaard takker i samme melding for all støtten han har fått siden velten.

    Dansken havnet på sykehus med omfattende skader for halvannen uke siden. i tillegg til kragebeinsbrudd og flere ribbeinsbrudd fikk Vingegaard også påvist punktert lunge og en betennelse i lungevevet.

    27 år gamle Vingegaard har vunnet Tour de France de to siste årene. Nå ser det ut til at den kommende perioden vil handle om å rekke årets utgave av Touren. (NTB)

    Jonas Vingegaard
    Foto: Team Visma-Lease a Bike/X
  • Norge medarrangør av VM 2031 for menn

    Det internasjonale håndballforbundet (IHF) har tildelt håndball-VM for menn til Norge, Danmark og Island. Vertskapsbyer er ikke klart.

    – Det blir et mesterskap hvor vi viser fram bredden i nordisk håndball, kultur og folkeliv. Danmark har vi samarbeidet med flere ganger allerede, mens det blir spennende å utvikle vennskapet med Island på nye måter. Vi gleder oss, sier Norges håndballpresident Kåre Geir Lio.

    Norge er også medarrangør av VM i 2025 for menn. Mesterskapet da skal da arrangeres sammen med Danmark og Kroatia, med finale i Telenor Arena.

    EM i 2026 for menn skal også spilles i Norge, da med Danmark og Sverige som medarrangør.

    I tillegg skal EM i 2028 for kvinner spilles i Norge, Danmark og Sverige.

    EHF 2024 Mens European Handball Championship Main Round Norway v Portugal
    Foto: CATHRIN MUELLER / Reuters
  • Tidligere Liverpool-spiller suspendert av eget lag

    Naby Keïtas tid i Liverpool ble preget av skader og midtbanespilleren har heller ikke blitt en suksess i Werder Bremen denne sesongen. Keïta var ikke i troppen da Werder Bremen tapte 0-5 mot Bayer Leverkusen søndag og nå er han suspendert ut sesongen.

    Ifølge sportsdirektør Clemen Fritz droppet Keïta å bli med i lagbussen da han fikk vite at han var tiltenkt en plass på benken i søndagens kamp.

    Keïta har selv avvist at det er tilfellet, men tirsdag har Werder Bremen likevel altså valgt å suspendere ham.

    – Nabys oppførsel kan ikke tolereres av oss som klubb. Han sviktet laget og satte seg selv foran laget. Det kan vi ikke tillate, sier Fritz.

    Werder Bremen har ilagt Keïta en bot og han får verken trene med laget eller tilbringe tid i lagets garderobe fremover.

    Keita
    Foto: AP

Sendeplan

Kl. Program Kanal