Hopp til innhold

Tok drastiske grep etter fiasko-sesong – måtte lære seg å hoppe på nytt

I fjor hoppa Halvor Egner Granerud så dårleg at han vart vraka frå landslagets øvste nivå. I april bestemte han seg for at i vinter skal han bli verdas beste skihoppar, men først måtte han lære seg å hoppe på ski igjen heilt frå grunnen av.

Skihopperne på sommersamling Lillehammer

FIASKO: Halvor Egner Granerud har måtte lære seg og hoppe på nytt etter ein særs dårleg sesong i fjor.

Foto: Geir Olsen / NTB

– Dei beste hoppa er på eit nivå eg aldri har vore tidlegare. Forma er veldig god, fortel Granerud då NRK møter han få dagar før verdscupstarten.

For nøyaktig eit år sidan er situasjonen ein heilt annan for 24-åringen frå Asker. Namnet hans blir ikkje ropt opp når landslagssjefen presenterer dei seks som skal til verdscupopninga i Wisla.

– Det var tungt. Det verste var når det var hopprenn på TV som ikkje eg var med på. Ja, då måtte eg gå ut og gjere noko anna.

Men det skal bli mørkare.

Hopplandslagets take off

VRAKINGA: Pressetreff før sesongstarten i fjor. Her får Granerud beskjed om at han ikkje er tatt ut til verdscupopninga i Wisla.

Foto: Tore Meek / NTB

Opningshelga i Vikersund på nivå to endar med ein 40.-plass. Ut over vinteren held den elendige hoppinga fram, medan han febrilsk leitar etter å finne ut kva som er gale.

– Det var ein ganske mørk vinter, minnast skihopparen.

Mykje av det handlar om feil teknikk. På eit tidspunkt er det naturleg å spørje om karrieren er over.

– På kort sikt var den det. Eg tok ein pause midt på vinteren i fjor. Ei veke kor eg ikkje var skihoppar.

– Men eg hadde ein plan om at eg skulle vere skihoppar igjen når den veka var over, legg han til.

Den store snuoperasjonen

Under Raw Air i Oslo kjem han ikkje lenger enn til første kvalifiseringsrunde. Av 65 hopparar blir han nummer 55. Heile 30 poeng bak dei beste. Sesongen er over for hans del.

– Eg merka at å vere ferdig for sesongen var veldig digg. Det vart ein restart med ein gang.

24-åringen, som bur og trenar i Trondheim, starta nemleg ein gedigen snuoperasjon. Trenaren gir han klar beskjed om at han manglar både teknisk stabilitet og er for stiv i kroppen.

Skihopperne på sommersamling Lillehammer

SAMLING: Granerud og resten av landslaget på sommarsamling i Lysgårdsbakken i sommar.

Foto: Geir Olsen / NTB

– Eg føler eg lærte å hoppe på ski igjen i sommar. Når man må trene ei veke på korleis du skal sleppe bommen, ja, då føler eg definitivt at eg måtte lære meg hoppinga på nytt.

Berre det å stå stille ned ovanrennet treng han to samlingar for å få til.

– Han er ekstremt glad i skihopp og gir seg ikkje. Han vil vere best og jobbar hardt, beskriv landslagstrenar Alexander Stöckl om den unge hopparen.

Tilbake på pallen

Men det blir haust før timar på timar med terpinga gir synlege resultat.

– Dei første hoppa når det verkeleg begynte å fly – det var ein stor lette. Men det var eit sånn sjokk nesten, for når man har hoppa så dårleg om sommaren, så sleit eg med å tru på det.

NM-hopp kvinner og menn

NM-SØLV: Halvor Egner Granerud jublar etter å ha sikra seg sølv under NM på plast tidlegare i haust.

Foto: Heiko Junge / NTB

17. oktober står han igjen øvst på sigerspallen etter å ha vunne noregscupen på plast i Trondheim. NM to veker seinare er han få poeng unna å sikre seg kongepokalen.

– Granerud er i ekstremt bra form. Det lovar godt for vinteren. I år var det umogeleg å vrake han for han er best på laget, konstaterer landslagstrenaren og ler.

Vil vinne verdscupen

For å finne forklaringa på korleis det er mogeleg å få til ein slik snuoperasjon må vi spole tilbake til april. Då får nemleg Granerud ei utfordring av Christian Meyer, landslagssjef for kvinner og Granerud sin trenar i Trondheim. Målsettinga den gong verkar ganske absurd.

2019 FIS Nordic World Ski Championships

VERDSCUPEN: I haust losna det endeleg for 24-åringen.

Foto: Michael Dalder / Reuters

– Målet mitt for sesongen er å vinne verdscupen, seier han i dag.

– Det er eit ganske ambisiøst mål å setje seg sånn situasjonen er i april?

– Det at eg sette meg det målet i april er grunnen til at eg har klart å stå i det kjipe. Det er viktig å sette seg eit mål som får deg til å stå opp om morgonen og dra ut på trening når det er drittvær.

I dag er ikkje målsettinga lika absurd.

– På dei beste dagane kan eg vinne enkelte verdscuprenn. Siste vekene har eg begynt å innsjå at eg kan vinne verdscupen samanlagt også, seier Granerud sjølv optimistisk.

– Held han fram å hoppe som no, så gjer han det. Han er vaksen nok og har erfaring. Det er gledeleg å sjå etter alt han har vore gjennom, svarar Stöckl.

Sportsnyheter

Filleristet svensk landslagssjef etter finale-manøver: – Vi må oppføre oss

Johannes Høsflot Klæbo var suveren i comebacket i Östersund, men det var en svensk trener på ville veier som ble den store snakkisen.

Siste nytt

  • Norsk komet med første verdenscupseier

    Peder Kongshaug vant sin første verdenscupseier på 1500-meteren under verdenscupen i Polen lørdag.

    Kongshaug har slitt med sykdom og leverte litt under pari på hjemmebane i Stavanger. Med lørdagens løp på 1.46,41 i Polen er formen tydelig på vei tilbake. Det er andre gang han har tatt seg opp på verdenscuppallen i karrieren.

    Stavanger-mannen vant syv hundredeler foran amerikanske Jordan Stolz på tiden 1:46.41. Kinesiske Zhongyan Ning ble nummer tre.

    Peder Kongshaug skjøytet seg til en 6.plass
    Foto: Oystein Otterdal / NRK
  • Nådde Premier League-milepæl

    Liverpool-stjernen Mohamed Salah nådde en milepæl med sitt 150 mål i Premier League da Liverpool inntok tabelltopp etter seier lørdagens borteseier mot Crystal Palace.

    Med 2-1-seieren passerer Merseyside-klubben Arsenal og tar over tabelltoppen i Premier League. Mikel Artetas mannskap skal til Birmingham og bryne seg på et høytflygende Aston Villa senere lørdag.

    Crystal Palace tok derimot ledelsen da Jean-Philippe Mateta sendte vertene foran etter en snau time fra straffemerket, men Salah utlignet for Liverpool med et kvarter å spille.

    Dermed har egypteren scoret 148 PL-mål for Liverpool og to for Chelsea.

    Harvey Elliott fullførte snuoperasjonen ett minutt på overtid da han satte 2-1.

    Mohamed Salah
    Foto: Kin Cheung / AP
  • Wiklund på sjetteplass i Polen

    Ragne Wiklund gikk inn til 6.-plassen på 1500-meteren i verdenscupstevnet i Polen. Japanske Miho Takagi vant.

    Ragne Wiklund noterte 1.58,83 og var bare 6/100 bak sin parmakker kinesiske Han Mei på fjerdeplassen. Opp til femteplassen, amerikanske Brittany Bowe, skilte deg 1/100.

    Takagi noterte 1.56,63 og var i en klasse for seg. Hun var 1,07 sekunder foran nederlandske Marijke Groenewoud og tok sin fjerde seier på distansen av fire mulige, skriver NTB.

    Ragne Wiklund smiler etter målgang
    Foto: Peter Dejong / AP

Sendeplan

Kl. Program Kanal