Tøff start for Wenger sin arvtakar

«Nye Arsenal» møter dei regjerande seriemeistrane Manchester City i første serierunde i Premier League.

SOCCER-FRANCE-PSG/EMERY

Unai Emery skal få Arsenal tilbake i toppen av Premier League. Men starten blir ikkje lett. I første runde tek raudtrøyene frå Nord-London imot dei suverene regjerande meistrane Manchester City.

Foto: Benoit Tessier / Reuters

Terminlista for den engelske toppdivisjonen er no presentert.

Unai Emery har tatt over som Arsenal-manager etter Arsène Wenger, som styrte skuta i Nord-London i 22 år. Emery får langt frå nokon lett start i sin nye klubb. Raudtrøyene tek imot dei Manchester City i første runde. Dei lyseblå frå Manchester vart under leiing av Pep Guardiola det første laget i Premier League-historia som nådde 100 poeng sist sesong.

SOCCER-ENGLAND-SOU-MCI/

Pep Guardiola og Manchester City skal til London for å møte Manchester City i første serierunde. Etter opningsrunden skal Manchester City møte dei tre nyopprykte laga frå i år og dei tre nyopprykte laga frå i fjor dei seks neste kampane.

Foto: JOHN SIBLEY / Reuters

Chelsea i andre runde

Arsenal får det heller neppe lett i andre runde. Då møter dei London-rival Chelsea på bortebane.

Slik går dei første tre rundane for topp seks-laga frå i fjor:

* Manchester City: Arsenal (borte), Huddersfield (heime), Wolves (borte).

* Manchester United: Leicester (heime), Brighton (borte), Tottenham (heime).

* Tottenham: Newcastle (borte), Fulham (heime), Manchester United (borte).

* Liverpool: West Ham (heime), Crystal Palace (borte), Brighton (heime).

* Chelsea: Huddersfield (borte), Arsenal (heime), Newcastle (borte).

* Arsenal: Manchester City (heime), Chelsea (borte), West Ham (heime).

Mohamed Salah

Mohamed Salah var både den mestscorande og den beste spelaren i Premier League sist sesong. I første runde skal Salah og Liverpool opp mot West Ham på Anfield.

Foto: Carl Recine / Reuters

Lokaloppgjera

Mange har også venta i spenning på datoane for dei klassiske lokalderbya i Premier League.

Manchester City tek imot Manchester United 11. november, medan motsett oppgjer går 16. mars.

Arsenal tek i mot Nord-London-rival Tottenham 1. desember. 2. mars møtest laga på Tottenham sin nye stadion, som ikkje blir klar til kvittrøyene sin første heimekamp. Medan Tottenham ventar på sin ny stadion spelar dei på nasjonalarenaen Wembley.

1. desember og 2. mars er også datoane fotballinteresserte i Liverpool bør merke seg. Oppgjeret mellom Liverpool og Everton på Anfield går 1. desember, medan laga møtest på Goodison Park 2. mars.

SOCCER-ENGLAND-FUL-NTG/

Fulham er tilbake i Premier League. I første runde skal laget til Stefan Johansen ta imot London-rival Crystal Palace. Dei har Johansen sin landslagskollega Alexander Sørloth i stallen.

Foto: ADAM HOLT / Reuters

Fulham er tilbake

Slik det ser ut per dato spelar tre nordmenn i Premier League komande sesong. Stefan Johansen spelte ei sentral rolle på Fulham då dei i mai rykte opp via kvalifisering. Fulham møter Crystal Palace i første runde. Der spelar Johansen sin landslagskollega Alexander Sørloth.

Joshua King har antyda at han kanskje forlèt Bournemouth i sommar. Om han ikkje gjer det, får han og sørkystlaget møte nyopprykte Cardiff City i første runde.

Slik spelast heile den første runden, som går 11. og 12. august:

* Bournemouth – Cardiff City

* Arsenal – Manchester City

* Fulham – Crystal Palace

* Huddersfield Town – Chelsea

* Liverpool – West Ham United

* Manchester United–Leicester City

* Newcastle United–Tottenham Hotspur

* Southampton–Burnley

* Watford–Brighton

* Wolverhampton Wanderers–Everton

Heile terminlista.

Siste nytt

  • Svindal skadet tommelen

    Aksel Lund Svindal falt på gårsdagens Super-G-trening i Copper Mountain og skadet tommelen på venstrehånden. Det er ikke brudd, men så smertefullt at han ikke greier å holde staven selv. Derfor måtte han teipe fast staven i hånden på dagens trening og risikerer å gjøre det samme i sesongdebuten neste lørdag. – Selv om jeg staker litt dårligere taper jeg ikke så mye på start, så det er et alternativ som fungerer veldig bra, sier en positiv Svindal til NRK.

  • Slik stiller Norge mot Slovenia

    Norges lagoppstilling til nasjonsligakampen mot Slovenia er klar. Slik er laget (4-4-2): Rune Jarstein - Omar Elabdellaoui, Håvard Nordtveit, Sigurd Rosted, Haitam Aleesami - Stefan Johansen, Markus Henriksen, Ole Sælnes, Moi Elyounoussi - Ola Kamara, Tarik Elyounoussi.

    Landslagstrening Ullevaal
    Foto: Cornelius Poppe / NTB scanpix
  • Stjernen vraket til lagkonkurransen

    Landslagstrener for hopperne, Alexander Stöckl, forteller til NRK at Daniel-André Tande, Johann André Forfang, Robert Johansson og Anders Fannemel skal representere Norge i lagkonkurransen lørdag. Dermed vrakes Andreas Stjernen.

    Verdenscup skiflyging Planica
    Foto: Primoz Lovric / NTB scanpix

Sendeplan

Kl. Program Kanal
VM sjakk: Parti 6
VM sjakk: Parti 6: Magnus Carlsen - Fabiano Caruana
Nasjonsligaen: Slovenia - Norge