Frå Spania til Andorra. 184,5 kilometer, og tre førstekategoristigningar. Målgang på 2240 meter over havet. Dagens etappe i Tour de France blir nok ein knalltøff etappe der nordmennene må kjempe for å komme seg i mål tidsnok.
– I går var vi nære ved å ryke ut, og det kan bli det samme i dag, seier Alexander Kristoff før start.
Men akkurat kva som skal til for å komme innanfor, veit dei ikkje før dei nærmar seg mål.
Reknestykke
Tidsfrista blir nemleg berekna ved å plusse på ein prosent av vinnartida. Den prosenten varierer frå etappe til etappe. I tillegg blir gjennomsnittshastigheita avgjerande for kva tid ein må komme inn på for å bli med vidare i Touren.
– Det er ein vanskeleg måte å rekne det ut på, og me har eigentleg ikkje peiling på kva tidsfrista er før me kjem i mål, seier Kristoff.
Uansett er det klart at det blir ein tøft for dei norske å komme innanfor tidsfrista i dag.
– Det blir nok ein tung dag, og ein kamp mot frista. Det er mentalt hardt, seier Tour-debutant Sondre Holst Enger.
– Må vi?
At det er tungt både fysisk og psykisk er Vegard Breen enig i.
– I dag vil vi berre komme til mål, men so har du tre fjell mellom deg og målstreken. Då tenkjer ein for seg sjølv «må vi?»
Med temperaturar opp mot 30 varmegrader, blir det ekstra tøft å klatre opp dei bratte fjella i dag.
– Varmen tappar deg for krefter, men det er likt for alle. Eg håpar eg har nok krefter i dag, seier Breen.
Gler seg til kviledag
Etter 9 etappar på 9 dagar, ventar kviledag for feltet i morgon. Det er det fleire som gler seg til.
– Ein kjenner at vi har køyrt nokre etappar, det er tøft for bein og musklar. Det blir godt med ein kviledag i morgon, seier Edvald Boasson Hagen.
Han meiner at dei etappane dei er inne i no er noko av det tøffaste i touren.
– I går var ein veldig tøff etappe, og i dag er den minst like tung. Det blir noko av det verste, seier Boasson Hagen.