Toar-tabellen
Italia og vinnaren av duellen Sveits/Portugal er dei einaste som er heilt sikre på playoff om VM-plass.
Stillinga i "toar-tabellen" før siste runde i gruppespelet:
Portugal 18, Italia 14, Sverige 13 (+10 mål), Danmark 13 (+7), Nord-Irland 13 (+5), Hellas 13 (+4), Wales 11 (+2), Kroatia 11 (+2), Skottland 11 (-1).
Alle har ein kamp igjen, men Hellas har i praksis spela ferdig, ettersom dei møter Gibraltar i siste kamp. Gibraltar er klar jumbo, og kampane mot siste lag tel ikkje med i samanlikninga av gruppetoarane.