To straffe og eit mål på ti minutt
Erling Braut Haaland held fram med å imponere for sin austerrikske klubb Salzburg. I løpet av ti minutt skaffa han heimelaget to straffe og scora eit mål.
Haaland fekk ikkje ta straffene sjølv. Dominik Szoboszlai sette første straffe sikkert i mål, medan spissmakker Hwang gjorde det enkelt for målvakta til Rapid.
Seks minutt seinare kom målmaskina frå Jæren sitt første mål. Han smeller knallhardt til med venstrefoten og får ballen mellom beina på målvakta.
Tenåringen er toppscorar i den austerrikske serien med 12 mål.
Christoph Knasmüellner reduserte for Rapid eit minutt på overtid i den første omgangen. Stefan Schwab utlikna til 2–2 tre minutt før slutt. Fire minutt på overtid avgjorde derimot heimelaget kampen, då Zlatko Junuzovic sette inn eit frispark. Haaland vart bytta ut etter 75 minutt.