Brennheite Håland: Seks mål på 128 speleminutt

Han scora fire mot Brann for ei veke sidan. Han scora to nye mot Vålerenga i dag. Og på tribunene sat dei utanlandske speidarane.

Erling Braut Håland

I VINDEN: Erling Braut Håland scora to nye då Vålerenga blei knust

Foto: Carina Johansen / NTB Scanpix

Laster innhold, vennligst vent..

Erling Braut Håland er heitare enn nokosinne. Seks mål på 128 minutt på dei siste to kampane for guten som blir 18 år om to veker.

– Det er fantastisk. No tek det til å sitje både for meg og for laget. Vi skal ikkje stoppe no, seier Håland til MAX midt mellom jubelen og selfiane med fansen.

No skal Molde ut i europaliga-kvalik til veka. Då skal dei til Nord-Irland for å møte Glenavon.

På tribunene sat speidarar frå Arsenal, Manchester United og fleire søreuropeiske klubbar. Dei blei neppe mindre interesserte i kveld.

– Er du tilbake på stadion i Molde i august?

– Eg er Molde-spelar, seier Håland.

– Han er ein fin gut

Molde-trenar Ole Gunnar Solskjær var naturleg nok eit einaste stor smil.

– Han har eit godt grunnlag, og han veit kva som skal til. Han har heilt sikkert snakka mykje med pappa Alf Inge, og må få lov til å kose seg med dette, seier Solskjær.

Alf Inge Håland var i si tid proff i både Nottingham, Leeds og Manchester City.

– Eg håpar å ha han her så lenge som mogeleg. Han er ein fin gut, seier Solskjær.

Knuste Vålerenga

Molde knuste Vålerenga 5–1 og inntok tredjeplass på tabellen før eliteserien tek pause i ein kamp der Vålerenga blei fullstendig avkledd. Gjestene måtte avslutte med ti mann etter at Abdi Ibrahim fekk sitt andre gule kort ti minutt før full tid.

Mattias Moström scora allereie etter fem minutt på målgjevande frå Håland, og heimelaget såg seg aldri tilbake. Håland scora nummer to og Babacar Sarr det tredje før Bård Finne sette inn Vålerengas redusering.

Det hjelpte berre så lite, trass lovande VIF-opning av andre omgang. Håland scora sitt andre og Daniel Chima Chukwu avslutta med 5–1 då det framleis var 20 minutt igjen.

Då var Håland bytta ut, det skjedde etter 67 minutt.

Det kunne blitt meir. Fredrik Brustads tverrliggarheading og Forrens heading som blei redda på streken kunne gitt endå styggare siffer for Oslo-laget.

Laster Twitter-innhold
Laster innhold, vennligst vent..

Siste nytt

  • Zlatan forlenget med LA Galaxy

    Zlatan Ibrahimovic har signert en ny kontrakt med Los Angeles Galaxy og spiller for klubben i Major League Soccer også neste år. Den svenske 37-åringen signerte for Galaxy i mars etter å ha blitt fristilt av Manchester United.

    MLS Red Bulls Galaxy Soccer
    Foto: Chris Carlson / AP
  • Ingrid Syrstad Engen til Wolfsburg

    Ingrid Syrstad Engen har signert for Wolfsburg, melder VG. 20-åringen sier til avisen at hun har signert en kontrakt på to og et halvt år med den tyske toppklubben, men fram til sommerens VM leies hun tilbake til LSK Kvinner.

    Ingrid Syrstad Engen
    Foto: Fredrik Hagen / NTB scanpix
  • Chelsea tar rasismeoppgjør

    Chelsea har vært koblet til flere rasismeepisoder blant fansen i flere kamper på rad. Nå har det gått så langt at klubben varsler fullt oppgjør for å bli kvitt rasismen.

    «Vi kommer ikke til å hvile før vi har eliminert diskriminering fra klubben», skriver styreleder i klubben, Bruce Buck.

    SOCCER-ENGLAND-CHE-MCI/
    Foto: JOHN SIBLEY / Reuters

Sendeplan

Kl. Program Kanal