Snøveret skapte store problem for dei først startande i Lysgårdsbakken på Lillehammer. Det gav korte hopp og dårlege stilkarakterar. Og 0 og 0 og 0,9 poeng for dei nedste på lista.
– Korleis kan slikt gå an?
– Det er fordi så korte hopp gir så mange negative lengdepoeng at stilkarakterane ikkje klarer å utlikne dei, seier hoppsjef Clas Brede Bråten.
Eit hopp til det såkalla k-punkt gir 60 lengdepoeng. I Lysgårdsbakken er k-punktet 123 poeng. Men dei kortaste hoppa i det vanskelegaste snøkavet tidleg i omgangen var på 70, 73 og 74 meter.
NRK-ekspert Anders Jacobsen sa det slik: – Dette er ikkje snø. Det er lim.
– Ingen blir skuldige poeng
Med ein meterverdi på 1,8 vart det dermed svært mykje trekk. Og stilkarakterane – som heller ikkje var all verda i desse hoppa – klarte ikkje å vege opp.
– Men det går ikkje an å få ein sluttsum under null. Ingen blir skuldige poeng, seier Bråthen.
Som har ei sjølvopplevd historie om dette frå sine aktive dagar.
Hoppsjefen har også hatt minuspoeng
– Det var eit plast-NM, og eg låg på ein grei 27.-plass og fekk vere med blant dei 30 i finaleomgangen. Men etter at eg hadde hoppa finaleomgangen, hadde eg falle til 32.-plass, ler hoppsjefen. – Då var det minuspoeng.
– Det var dårleg taktisk av meg. Eg burde stått over, seier han.
Men det skjer sjeldan at nokon endar på null poeng.
– Det er uhyre sjeldan. Det var heilt klart forholda i dag som er årsaka, og då er det nokon som blir veldig hardt ramma. Trueg vil ingen av desse oppleve det igjen, seier Bråthen.
– Men Jahn Teigen fekk også null poeng, og han vart kjendis etter det, seier Clas Brede Bråthen.