To bronser til Norge
Kasper Fosser og Andrine Benjaminsen sørge begge for at det vart bronse til Norge under knockoutsprinten i EM i orientering i sveitsiske Neuchatel laurdag.
Sveitsiske Matthias Kyburz (1) og Joey Hadorn (2) vart for sterke for nordmannen i sluttspurten.
– Sånn tradisjonelt sett har eg aldri vore god i knockoutsprint før. Å få det til i dag var veldig viktig for meg, seier eit særs nøgd Fosser til NRK.
Audun Heimdal fekk tidleg problem og kom sist i finalen.
Andrine Benjaminsen følgde opp i kvinneklassen og sørga for Norge si andre bronsemedalje for dagen.
– Det er stort. Synst eg har vore i god form og hatt høge forventningar, så det er deileg å innfri mine eigne ambisjonar.
Svenske Tove Alexanderson vann kvinnefinalen føre Simona Aebersold frå vertsnasjonen.