Titanisk playoff avgjorde
Først i det sjette omspelholet greidde Partick Cantlay å riste av seg Bryson DeChambeau og vinne golfturneringa BMW Championship natt til måndag.
Sigeren sende Cantlay til topps i FedEx Cup – golfsportens verdscup – før sesongfinalen komande helg.
DeChambeau missa fire puttar som kvar enkelt hadde gitt han sigeren. Han bomma på det siste holet i den ordinære tevlinga, og på kvar av dei tre første i omspelet.
Begge enda på 27 slag under par i turneringa, mellom anna etter ein 60-runde av DeChambeau fredag.
261 slag totalt er det beste resultatet nokon nokosinne har hatt på PGA-touren utan å vinne.
Berre dei 30 beste i FedEx-cupen får delta i sesomgfinalen. Mellom dei er Viktor Hovland, som gjekk ei sterk turnering i helga, og blei nummer 17 med 15 slag under par.
Hovland er nummer 13 i cupen. Han har spela 23 turneringar denne sesongen, og står med ein siger, i Puerto Rico i desember. Han har også to andreplassar, og totalt seks topp 10-plasseringar.
På verdsrankingen er Hovland nummer 15, uendra frå førre veke. Som best har han vore nummer 11. Han har spela inn 4,9 millionar dollar denne sesongen, før sesongfinalen.
Og allereie midt i september opnar sesongen 2021/22.