NRK Meny
Normal

Her gliser Tina over alle tiders rekord

Tina Maze oppnådde den høgaste samanlagt-poengsum i verdscupen i alpint då ho vann utforrennet i Garmisch-Partenkirchen laurdag.

Tina Maze

Tina Maze kan smile og gle seg over den aller høgaste poengsummen nokonsinne i den alpine verdscupen

Foto: JOHANNES EISELE / Afp

Den slovenske jenta har no 2024 poeng i den totale verdscupen. Den gamle rekorden tilhøyrde austerrikaren Hermann Maier, som oppnådde nøyaktig 2000 poeng i sesongen 1999-2000.

Og rekorden blir heilt sikkert forbetra. Det står mange renn att denne sesongen. I morgon er det super-G i Garmisch, neste helg er det slalåm og storslalåm i Oftenschwang, og deretter er det verdscup-avslutning i alle disiplinar i Lenzerheide.

Maze har allereie for lenge sidan sikra seg sigeren i verdscupen denne sesongen. Ho har vunne ni verdscup-renn hittil i sesongen, i tillegg til at ho tok gull i super-G i VM. Men sigeren i Garmisch var hennar første i utfor denne vinteren. 20 gonger i vinter har ho vore på sigerspallen.

Tina Maze er berre den tredje kvinna som har vunne verdscuprenn i alle disiplinar i same sesong. Janica Kostelic gjorde det same i 2005-06, og Petra Krohnberger klarte det i 1990-91.

Laurdag vann ho 39 hundredeler framfor Laurenne Ross og 50 føre Maria Höfl-Riesch.

Lotte Smiseth Sejersted enda på 20.-plass, slått med 2,13 av vinnaren.

Siste nytt

  • Norsk siger i curling-EM

    Thomas Ulsruds lag slo Nederland 6-2 i sin tredje kamp i curling-EM i Sveits. Dermed har Norge to sigrar og eitt tap hittil.

    Måndag møter Norge både Slovakia og Italia.

  • Stiller for sin sjette periode

    Gian Franco Kasper (73) stiller til val som FIS-president for sin sjette periode neste år, melder insidethegames.biz. Kasper har leia FIS sidan 1998.

    Det internasjonale skiforbundet har berre hatt fire presidentar sidan opprettinga i 1924.

    Gian-Franco Kasper
    Foto: GEORG HOCHMUTH / AFP
  • Suzann Pettersen sprakk

    Suzann Pettersen var i delt ledelse før siste runde, men hang ikke med på rivalenes birdiefest, og falt til 11.-plass i LPGA-tourfinalen.

    Tutta kjempet om sin første seier på LPGA-touren på godt over to år, men to birdier var ikke godt nok. Hun måtte nøye seg med å gå sisterunden i Florida på par.

    Suzann Pettersen
    Foto: SAM GREENWOOD / AFP

Sendeplan

Kl. Program Kanal