Brann-trenaren: – Synd vaktene var så raske, skulle gjerne visst kvifor han kom

Ein tilskodar kom seg heilt ned til Branns benk under kampen mot Haugesund i Bergen.

 Tilskuer på Brann-benken

VEDDEMÅL? Ein tilskodar tok seg heilt ned til Branns benk under kampen mot Haugesund. Der blei han teken hand om av vaktene (skjermdump frå Eurosport)

Foto: Discovery Networks Norway

Laster innhold, vennligst vent..

– Eg høyrde snakk om at det skulle vere eit veddemål, sa Branns trenar Lars Arne Nilsen til NRK.

– Han (tilskodaren) blei teken hand om av ei av vaktene. Det var nesten litt synd, for eg var interessert i kva veddemålet gjekk ut på, sa Nilsen.

Det var etter ein dryg times spel at det skjedde. Tilskodaren var på ein benk eit stykke bak. Så gjekk han fram til fremste benk og sette seg for å snakke med ein person.

– Derifrå er det berre eit par meter fram til benken. Vi rakk ikkje å gjere noko med det før han var framme. Men vaktene våre var raskt framme og tok hand om mannen. Han er hos politiet no, sa Brann-direktør Vibeke Johannessen.

– Vi skal snakke med fansen om det meste som gjeld Brann. Men å ta det med trenaren i det 62. minutt blir feil, sa ho.

Lars Arne Nilsen

PEPEN UT: Publikum peip då laga gjekk av bana, og Branns trenar Lars Arne Nilsen var borte og forklarte seg for fansen

Foto: Marit Hommedal / NTB scanpix

Dei 10.000 på tribunane peip då Brann gjekk av bana etter 0–0 mot Haugesund – fjerde heimekampen utan scoring denne sesongen. Brann var klart best i første omgang, men makta ikkje å halde trykket ope i andre omgang, som var langt meir jamspela.

– Eg trur publikum forstår situasjonen vi er i. Men sjølvsagt er dei frustrerte, sa Nilsen. Etter kampen var han borte ved tribunane for å snakke med fansen.

– Vi gir det vi har, og spelarane blør verkeleg for drakta. Vi skulle hatt mål før pause, då trur eg vi hadde avgjort det.

5–6 av Branns spelarar er ute av ulike grunnar, og Nilsen måtte setje innpå unge spelarar som har lite kamptrening på norsk toppnivå. Aune Selland Heggebø (18) fekk sin første kamp frå start, og Sander Marthinussen (19) debuterte då han kom innpå fem minutt før slutt.

Neste helg ventar Rosenborg på Lerkendal.

Også Haugesund-trenar Jostein Grindhaug slit med skadar på sitt lag.

– Eg er godt nøgd med poeng i Bergen, seier han.

Laster innhold, vennligst vent..

Siste nytt

  • Danmark til EM etter dramatisk kamp

    Danmark måtte ha uavgjort borte mot Irland for å ta seg til EM.

    Åge Hareides menn ledet da klokka passerte 84 minutter etter en scoring av Martin Braithwaite.

    Men så steg Irlands Matt Doherty til værs. Han stanget inn utligningen.

    Heldigvis for danskene klarte ikke Irland å score flere ganger. Dermed er Hareide og Danmark klare for EM neste sommer.

    Åge Hareide
    Foto: Henning Bagger / Ritzau Scanpix)
  • Spansk fotballstreik avblåst

    Fotballstreiken i den spanske toppserien for kvinner er avblåst, melder interesseorganisasjonen AFE på sine sider.

    I oktober stemte 200 spillere for en streik etter et helt år med mislykkede lønnsforhandlinger, skriver BBC.

    Blant annet krever spillerne mer profesjonelle avtaler. Åtte kamper ble utsatt forrige uke på grunn av streiken.

    Nå er det bestemt at forhandlingene skal gjenopptas.

    Caroline Graham Hansen
    Foto: FC Barcelona Femení/Twitter
  • VM i hurtig- og lynsjakk til Moskva

    Romjulens VM i hurtig- og lynsjakk skal spilles i Moskva, opplyser det internasjonale sjakkforbundet (FIDE).

    Det er andre år på rad at mesterskapet spilles i Russland.

    Saudi-Arabias konge, Salman bin Abdul Aziz Al-Saud, kjøpte retten til å arrangere VM fra 2017 til 2019, men mesterskapet er blitt flyttet til et annet land fordi ikke alle spillerne slapp inn i Saudi-Arabia.

    Magnus Carlsen var blant dem som sa han ikke ville spille VM dersom ikke alle spillerne fikk delta. Nå er det imidlertid klart at han stiller til start fra 26.-30. desember.

    Magnus Carlsen
    Foto: Jørund Wessel Carlsen / NRK

Sendeplan

Kl. Program Kanal