- På det norske laget går Håvard Klemetsen, Jørgen Graabak, Magnus Krog og Magnus Moan.
- Følg konkurransen frå 10.30 og chat med Fred Børre Lundberg her.
Sist Noreg tok OL-gull i kombinert var i Nagano i 1998 ved Bjarte Engen Vik. I dag kan det endeleg skje igjen.
Frenzel er nok ikkje i toppform
Eric Frenzel tok OL-gull i den fyrste kombinertøvinga. I ettertid har han vore sjuk, og kan få vanskar med å ta eit nytt gull.
Foto: ERIC GAILLARD / ReutersDen tyske storfavoritten Eric Frenzel har vore ramma av eit virus, men stiller likevel til start.
– Sjansane våre er store. Sannsynet for at Frenzel ikkje er i toppform er stor, seier tidlegare OL-meister Fred Børre Lundberg til NRK.no.
Ifølgje Lundberg har Håvard Klemetsen og Magnus Moan hoppa godt på trening i storbakken.
– Det har sett bra ut. I tillegg veit me at Magnus Krog kan løfta seg i konkurranse. Me har fire som kan ta mealje.
Lundberg meiner Moan er den norske utøvaren som har størst sjanse til å ta eit OL-gull.
Stabil sesong
Verscupleiar Frenzel vann den fyrste Gundersen-øvinga i normalbakken. Der tok Magnus Krog bronse og braut den norske meisterskapsforbanninga. Magnus Moan vart nummer fem.
Noreg har hatt ein stabilt god sesong med totalt 15 pallplassar i verdscupen. Samtlege av dei som er utteken til OL har vore på pallen.
Før den fyrste øvinga uttala Lundberg at alt måtte gå galt om det ikkje skulle verta medalje i OL.
Beklager, vi kunne ikke vise innholdet.
Se «Kombinert storbakke» i nytt vindu