– Vi er satsa på hardare enn nokon gong, så alt er lagt til rette for at vi skal lykkast. Så vi kan nå målet vi har satt som er å bli det beste kvinnelaget i verda, seier fjorårets soleklare vinnar av verdscupen, Maren Lundby.
For når Skiforbundet inviterte til pressetreff med kommande sesong sitt landslag var det for første gong fire kvinner som vart tatt inn i landslagsvarmen. I tillegg til Lundby, er laget utvida med Ingebjørg Saglien Bråten. Samt Silje Opseth og Anna Odine Strøm som også var med i fjor
I tillegg utvidar man støtteapparatet, mellom annan med Henning Stensrud som kjem inn som trenar.
Stor budsjettauke
– Auken totalt sett i Skiforbundet hopp er jo frå rekneskapsåret 2018 og budsjettet 2019 på om lag ti millionar kroner, seier hoppsjef Clas Brede Bråthen.
GLEDER SEG: Hoppsjefen utvidar budsjettet og aukar talet på utøvarar den kommande sesongen.
Foto: Terje Pedersen / NTB scanpixHan er likevel raskt ute med å understreke at ein stor del av desse pengane går på samarbeidsprosjektet med å få til hopp i Kina, og at ikkje alt går til satsinga på verdscuplaget.
– Men det er ei solid auke der også.
Det gler Lundby, som i periodar har vore aleine på landslaget.
– Det betyr mykje for sporten og eg trur at sporten vår er komen for å bli. For min del så betyr det at det er artigare å dra på samlingar og ha nokon og dele tida med. Og så trur eg det har noko å sei at du har nokon bak deg som kan «pushe» deg kvar einaste dag.
Gledeleg satsing
NRK sin hoppekspert gler seg over den auka satsinga på kvinnehopp, men er ikkje overraska over at det skjer.
IKKJE OVERRASKA: NRK sin hoppekspert Anders Jacobsen meiner kvinnelandslaget har meir å gå på.
Foto: Cornelius Poppe / NTB scanpix– Det er ein sport som er litt «up and coming», og i vinter hadde vi jo veldig gode resultat. Det er mykje som er på plass, men det er framleis ein veg å gå på det tekniske og det trur eg at jentelaget og trenaren er ekstremt svoltne på å ta ut, seier Anders Jacobsen.
Sjølv manglar det ikkje på viljen til å satse vidare for Lundby som har vunne verdscupen samanlagt dei to siste åra og sikra seg VM-gull individuelt og bronse i lagkonkurransen i Seefeld i vinter.
– Eg ønskjer framleis å bli enda betre og målet er å ta verdscupen samanlagt, men målet er jo også å nærme seg gutane betydeleg, seier den 24 år gamle hopparen.