– Eg er overraska over at
ikkje kjenner til reglane, seier ishockeypresident Gerhard Nilsen. Han fekk vite om omfanget av politimeldingane i dag.UDI poltimelde klubbane i april i år.
NRK har fått tilgang til politimeldingane frå Utlendingsdirektoratet. Der går det fram at sju av dei til politimelde klubbane var eliteserielag i førre sesong.
som spela i dei to øvste divisjonane i førre sesong.- Les:
– Det er sjølvsagt uheldig at slikt skjer, seier Gerhard Nilsen til NRK.
Sju av ti i eliteserien
NRK har ringt rundt til dei aktuelle politidistrikta for å få oversikt over kor langt etterforskinga er komen.
Resultatet ser du i faktaramma til høgre.
Dei ti klubbane er melde for å ha brukt spelarar som ikkje har arbeid- eller opphaldsløyve i Noreg.
Saka mot Lillehammer er avslutta, og klubben er ilagd ei bot på 15.000 kroner. Politiet har lagt bort saka mot Sparta Sarpsborg. Etterforskinga i sakene mot
og Manglerud Star er enno ikkje påbegynt.– Lærer prosedyren på 15–20 minutt
Dei seks andre aktuelle klubbane er under etterforsking eller skal etter planen etterforskast.
– Eg vart overraska over at så mange klubbar på elitenivå ikkje kjende til regelverket. Det er ganske enkelt, og klubbleiarane bør klare å lære prosedyren på 15–20 minutt. Det er trist at så mange ikkje har følgt regelverket, seier Nilsen.
Etter at saka kom opp, har ishockeyforbundet tatt grep for å hindre at dette skal gjenta seg.
– Det trengst kompetanseheving på dette området. Vi har hatt kurs for klubbane i eliteserien og 1. divisjon, og alle har vore representert. Vi strekar under at ingen utanlandske spelar skal få lisens utan at det ligg føre arbeids- og opphaldsløyve med stempel frå UDI, seier Gerhard Nilsen.
Klubbane skal på UDI-kurs
No har UDI invitert til omfattande kurs i regelverket. 21. november skal UDI møte klubbar innan ishockey, fotball, handball og basket til kurs for å lære seg regelverket.
– Vi samarbeider med UDI. Dei har invitert mange klubbar og alle særforbund til eit brukarforum mynta på idretten slik at idretten skal lære seg korleis regelverket fungerer, seier Nilsen.
Neste oppgåve blir å vidareføre kompetansen.
– Vi skal også jobbe med kompetanseoverføring. Tillitsvalde i idretten er ofte valde for berre eitt eller to år, og idretten må sørgje for å gi kompetansen vidare til dei nye. Det er mykje å sette seg inn i, seier han.
Overraska over omfanget
Gerhard Nilsen er overraska over omfanget av saka. Sjølv har ikkje forbundet fått informasjon før dei tok den same ringerunden til politiet som NRK gjorde.
– Ishockeyforbundet er ikkje part i saka. Vi får ingen informasjon verken frå politiet eller frå UDI. Eg vil ikkje kommentere kvar enkelt klubb, men fleire av klubbane har ikkje høyrt noko frå påtalemakta, seier ishockeypresidenten.
– Mange av sakene er verken ferdig etterforska eller påbegynte enno. Kva synest du om at det tek så lang tid?
– Dette er veldig mykje ei medieskapt sak. Eg trur dette kjem langt ned i politiet sin saksbunke, iallfall i store politidistrikt med mange tunge saker, seier Gerhard Nilsen.