Thorisdottir med brot i foten
Chelsea-spelar og landslagsprofil Maria Thorisdottir har pådratt seg eit brot i foten på trening.
– Kjedelege greier, kommenterer ho i ei melding.
På Instagram har Thorisdottir publisert eit bilete av seg sjølv på sofaen med gips på beinet. Den norske landslagsspelaren skal til spesialist i morgon, får NRK opplyst. – Det er vanskeleg å seie noko meir om kor alvorleg det er før ho har vore der, seier medieansvarleg for landslaget Terje Skeie til NRK. Brotet medfører at 26-åringen frå Stavanger mistar landskampen mot Nord-Irland.