Thomas Markeng ute i eitt år
Både korsbandet og menisken rauk for Thomas Markeng i fallet i Klingenthal søndag. Dermed er 19-åringen borte frå hoppbakken i minst eitt år.
Det kom fram etter ei MR-undersøking måndag kveld. Markeng seier til NRK at han har slite opp igjen ein fire år gammal korsbandskade.
– Det var ein tung beskjed å få, sa ein nedslått Markeng til pressa i dag.
Han skal opererast onsdag morgon. – Meir enn det veit eg ikkje, sa han.
– Det er tungt for oss alle å sjå ein slik skade. Det einaste vi kan gjere, er å legge til rette så godt vi kan at han skal kome tilbake og bli frisk så raskt som mogeleg, seier landslagssjef Alexander Stöckl.
– Det er spesielt vondt når det gjeld ein som har hatt sin beste sesong fram til no, og som veit at han ikkje kan halde fram på lenge. Det er det verste, sa han.
– Eg er fast bestemt på å bite tennene saman og kome tilbake sterkare enn før, sa Markeng.
Også Anders Fannemel er ute med korsbandskade.
– Vi må finne ut kva som er grunnen, og om vi kan gjere ting annleis og betre i framtida, sa Stöckl.