– Eg skjønnar ikkje at han klarer gå så fort. Eg er jo langt bak han, og eg er jo ganske god, er eg ikkje?
Tarjei Bø har nettopp sett lillebror Johannes knuse han med over minuttet i langrennssporet. Alle blir parkert av 24-åringen, som har bytta rolle med tidlegare så suverene Martin Fourcade.
Den enorme forvandlinga ser du her.
- Fjorårssesongen: Thingnes Bø er i snitt 28 sekund dårlegare enn Martin Fourcade i sprint.
- Denne sesongen: Thingnes Bø er i snitt 15 sekund betre enn Martin Fourcade i sprint.
Overraska
Forbetringa får ikkje bare konkurrentar og ekspertar til å sperre opp augene, det har også fått lagkameratane til å undre.
– Eg måtte spør han i førre veke: «Korfor går du så fort? Du var jo ikkje så god i haust». Han sa han ikkje visste korfor. Det hadde bare løsna då han starta med treninga på snø, seier Tarjei Bø.
Tre sprintrenn ut i sesongen klarer Johannes Thingnes Bø fortsatt ikkje å gi eit godt svar på kva som har skjedd.
– Sei det. Eg har funne langrennsformen, og så har eg hatt ekstremt gode ski.
Den forklaringa kjøper ikkje storebror Bø.
– Eg trur ikkje det er bare skia det står på…
Kvitt startvanskar
Skytetrenar Sigfried Mazet er ikkje med på at det er Fourcade som plutseleg har prestert dårleg.
– Fourcade har eit bra nivå. Det er Johannes som har tatt eit steg opp. Fourcade har enno ikkje vore utanfor pallen denne sesongen. Det viser kor sterk han er, seier Mazet.
–Johannes har kanskje tatt eit par steg når det kjem til langrennsteknikk, og det er kanskje nok til at det går fortare, spekulerer langrennstrenar Egil Kristiansen.
Noko av det handlar kanskje om at Mazet og Kristiansen, som var nye før fjorårssesongen, hadde startvanskar som trenarduo.
– I fjor var det ikkje perfekt gjennomføring på trening. Vi måtte justere etter kvar treningsleir, men no veit eg og Egil betre kva vi må gjøre for å presse dei i riktig retning fysisk og skyteteknisk, seier Mazet.
Raskaste skyttar
På standplass har Thingnes Bø også blitt nummer ein. Ingen skyt raskare og klarer å tilpasse seg vanskelege forhold betre enn nordmannen denne sesongen.
– Det han driv med er utklassing. Han er eit unikum og eit talent som vi kanskje ikkje har sett maken til i norsk skiskyting, seier Tarjei Bø.
PS: Sjå jaktstart for menn fra klokka 14:45 på NRK1.