Nordmennene klør seg i hovudet etter å ha blitt knust av fire franskmenn

ÖSTERSUND (NRK): Johannes Thingnes Bø og resten av det norske laget forstod lite av kvifor dei alle blei knust i sporet av fire franskmenn.

Bø og Fourcade

Martin Fourcade var best på dagens 20 kilometer og hadde tre franskmenn bak seg på lista.

Foto: FREDRIK SANDBERG

Laster innhold, vennligst vent..

– Eg er ikkje vant til å bli gått forbi i sporet. Det var veldig uvant å ikkje klare å henge på folk der ute.

Johannes Thingnes Bø var i villreie etter å ha blitt nummer åtte på 20 kilometeren i Östersund. Med berre to bom på standplass brukar Bø å vere med i tetkampen.

– Følte meg kraftlaus

I dag var det i sporet han og resten av det norske laget gjekk seg ut av sigerskampen. Heile to minutt og 22 sekund blei han slått av Fourcade i rein langrennstid.

Tarjei Bø blei slått med 1,17, Bjøntegaard med 2,22 og Christiansen heile 5,27.

– Det er den fyrste dagen på fleire år som har vore så dårleg. Eg prøvde å gå fort, putte kraft i skyvet og stavane, og eg følte meg bra den fyrste runden. Derfrå var det natta for min del. Eg følte meg kraftlaus, seier Bø som ikkje heilt forstår kva som gjekk gale.

Trippelt fransk

Eit skremmeskot frå Frankrike som ikkje berre hadde tre mann på pallen, men også nummer fire.

Foto: Fredrik Sandberg / AP

– Kva som gjorde det så tungt i dag, det veit eg ikkje. Eg har gjort dei same førebuingane til dette rennet som elles, seier Bø.

Tyngste rennet nokosinne

Og det var ikkje berre han som ikkje forstod kva som skjedde i svenske Östersund i dag. Vetle Sjåstad Christiansen meiner han aldri har gått eit tyngre renn før.

– Eg kjente meg så elendig. Det var akkurat som eg var på ski for fyrste gong på fem år. Det gjekk på tomgang frå fyrste meter, seier Christiansen.

– Johannes seier han kjente seg kraftlaus. Kjente du på det same?

– Ja, kraftlaust var ordet eg var ute etter. Eg blei ikkje ordentleg sliten. Det er ikkje godt å seie kvifor. Me må nesten snakke med kokkane våre om kva dei har hatt i maten, seier han med eit smil.

Erlend Bjøntegaard hadde ein like tung dag som lagkameratane i sporet.

– Kraftlaust ja, det var akkurat sånn eg også følte meg. Forma kjentes bra ut på sprinten, så eg er eigentleg veldig overraska. Me hadde trudd me skulle vere betre.

Ikkje skia som avgjorde

Det blei firedobbelt fransk på normaldistansen og Martin Fourcade var tilbake på toppen av pallen.

Det var svært tøffe og varierande forhold i løypa og franskmennene såg ut til å ha dei beste skia.

Martin Fourcade

Martin Fourcade fekk berre ein bom på standplass og hadde ein svært god dag i sporet da han tok sin fyrste verdscupsiger på over eit år.

Foto: Fredrik Sandberg/TT / Fredrik Sandberg/TT

Men Bø trur ikkje det franske laget var suverene berre på grunn av skia.

– Franskmennene har ein superdag i dag. Eg såg kor fort dei gjekk i løypa så eg trur det er mest forma deira og ikkje skia i dag.

Har tvilt på om han kunne kome tilbake

For Fourcade betydde det svært mykje å vere tilbake på toppen av pallen, nesten eit år etter førre verdscupsiger.

– Det er ei stor letting. Det har vore veldig hardt for meg det siste året, derfor er det stort å vere tilbake på pallen.

Mannen som nå har 73 verdscupsigrar (siste siger var på jaktstarten i Hochfilzen 15.desember 2018) innrømmer at han har tvilt på at han kunne kome tilbake til topps.

– Mange trur at meistrar ikkje tvilar. Det er heilt motsett. Sist sesong spurde eg meg sjølv mange spørsmål. Ville eg bli like god og kome tilbake. I starten av karrieren vann eg mykje og det gjekk av seg sjølv, men i fjor måtte eg kjempe hardt mentalt, fortel Fourcade openhjartig.

Siste nytt

  • Poengløs Zuccarello

    Mats Zuccarello og Minnesota Wild tapte 5-3 for Chicago Blackhawks i natt. Zuccarello hadde ingen poeng i kampen, men lagkamerat Eric Staal scoret sitt NHL-poeng nummer 1000 i karrieren.

    Wild Blackhawks Hockey
    Foto: Paul Beaty / AP
  • Strandberg til italiensk fotball

    Stefan Strandberg har signert for Trapani i italiensk Serie B. Strandbergs kontrakt med russiske Krasnodar gikk ut i sommer, og han har siden vært uten arbeidsgiver. Midtstopperen har 10 landskamper for Norge. (NTB)

    Fotball herrer, A-landslaget trener på Ullevaal stadion.
    Foto: Lise Åserud / NTB scanpix
  • Kamp avbroten etter stygge tilrop

    2. divisjonskampen i Spania mellom Rayo Vallecano og Albacete blei avbroten ved pause på grunn av stygge tilrop frå publikum til Albacetes ukrainske spelar Roman Zozulia (biletet).

    Begge laga bad i pausen dommaren bryte av kampen.

    Zozulia spela nokre kampar for Rayo i 2017. Då ville nokre av fansen også ha han bort frå klubben på grunn av det dei meinte var høgre-ekstreme synspunkt, noko han sjølv avviste.

    Roman Zozulia
    Foto: Marco Bertorello / AFP

Sendeplan

Kl. Program Kanal