Stryningen har slite med sjukdom i sesongoppkøyringa. Men i dag var det lite å spore av desse problema.
– Det skjer noko med kroppen min når det er verdscup. Eg kjenner det liksom i kroppen når eg legg meg i senga. Ein rar følelse, seier Thingnes Bø til NRK.
Tarjei Bø imponerte også med eit sterkt løp i dag. Ein bom og fjerdeplass er ein stor opptur. I går skaut han seg ut av konkurransen alt på første liggande.
– Ein god dag for familien Bø i dag. Eg er stolt over å ha ein veslebror som er så rå på ski, seier eldstemann til NRK etter rennet.
– Han er nok sur og misfornøgd
– Johannes er aldri god på trening. Men når det er konkurranse vakna dyret i han. Han er den utøvaren som leverer best når det gjeld, seier storebroren.
Gårsdagens vinnar, Martin Fourcade, hadde ein dårleg dag og sleit i sporet. Han enda i mål godt over eit minutt bak stryningen og måtte ta til takke med ein 24.-plass.
Etter løpet forsvann franskmannen frå pressesona.
– Det er det verste for han det at det er eg som vinn i dag, når han gjere det så dårleg. Han er nok alt tilbake på hotellet og er sur og misfornøgd. Så er eg sikker på at han alt har ein god plan på kva han skal gjere for å slå tilbake, seier Thingnes Bø.
Nordmannen trur ikkje at konkurrenten er i toppslag.
– Det er noko han streva med. Om han er sjuk eller har dårlegare ski, det veit ikkje eg. Vi har hatt kjempegode ski. Og eg er ikkje i noko toppform no, så eg klarar å få ut potensialet mitt no, det syns eg er kjekt, seier yngstebror Bø.
Stor norsk dag
Og det er ingen tvil om at det var andre takter av dei norske skiskyttarane i dag. Sindre Pettersen leverte ein veldig imponerande innsats og kom i mål til ein sterk sjetteplass.
– Heilt rått. Det var ein fantastisk oppleving. Litt tungt mot slutten. Veldig sliten, men ei sjuk oppleving, seier ein svært nøgd 22-åring etter målgang.
Henrik L'Abée-Lund fekk også revansj frå gårsdagen skuffande sesongstart. Med fult hus på standplass kom han i mål berre 35,8 sekund bak Thingnes Bø.
Erlend Bjøntegaard kom i mål på ein 21.-plass og Lars Helge Birkeland var nok ikkje heilt nøgd med sin 25.-plass.
Like bra gjekk det ikkje på standplass for Vetle Sjåstad Christiansen. Frå fult hus i går måtte han i dag gjennom heile seks strafferundar. Men om han svikta i sporet i går leverte han i dag sjuande beste tid i sporet. Likevel måtte han ta til takke med ein 78.-plass.
Johannes Thingnes Bø skaut seg vekk under sesongopninga i går på 20 kilometer individuelt, men imponerte i langrennssporet og klarte då til slutt ein sjuandeplass.