Hopp til innhold

Ropte til sjukdomsramma lagkamerat midt i løpet: – Då gliste han godt

Midt ute på sigersparaden sin kunne ein sjå Johannes Thingnes Bø gi ein beskjed til ein person i støtteapparatet til Noreg. Det viste seg å vere landslagsløpar Sivert Bakken.

TOK SEG TID: På TV 2s sending kunne den observante sjåaren få med seg at det var Sivert Bakken som hadde teke på seg rolla som sekundant ute i løypa. Og Johannes Thingnes Bø delte ei gladnyheit.

Han avslutta førre sesong med siger på fellesstarten i Holmenkollen. Sidan har ein ikkje sett Sivert Bakken i skiskyttarsirkuset – før han plutseleg dukka opp i Ruhpolding under stafetten fredag.

– Eg skulle jo helst vore i den andre, vande rolla, sjølvsagt. Men eg synest det er godt for så vidt, å vere til stades og sjå på, innrømmer han overfor NRK.

Bakken vart fanga opp av TV-kameraa da Johannes Thingnes Bø feira sigeren ute på sisterunden. Og det var synleg at Noregs ankermann gav ein beskjed.

Eg sa til han at «no blir det bonus». Då gliste han godt og var fornøgd, røper stryningen.

Det er fordi premiepengane frå stafettcupen blir fordelte på laget, også med dei som ikkje går.

Sivert Bakken

PÅ PLASS: Sivert Bakken har fått ei rolle i støtteapparatet under løpa i Ruhpolding.

Foto: Hanne Skjellum / NRK

Det er moro å vere ein del av laget framleis. Sjølvsagt, seier Bakken.

Sjuk etter koronavaksine

24-åringen frå Lillehammer imponerte mange førre sesong, og vart påskjønt med ein landslagsplass i vår. Men ikkje lenge etter oppdaga han at kroppen ikkje fungerte som normalt.

Etter grundige undersøkingar vart det klart at Bakken hadde fått ein betennelse på hjartet, som etter alt å dømme er ein sjeldan biverknad frå koronavaksinen. Noko mellom anna TV 2 tidlegare har omtalt. Dermed har han ikkje kunna trene hardt sidan mai, og han merkar framleis ingen framgang.

– Det er enkel behandling, det er tid. Det er det einaste vi gjer. Eg har ikkje nokre gode prognosar på kor lang tid det kjem til å ta. Det har allereie gått over den tida vi trudde det skulle ta. Eg har ikkje noko godt svar på verken kor lang tid det tek, eller om det er noko eg kan gjere for at det skal betre seg, forklarar han.

Lægreid / Bakken

DOBBELT NORSK: Sivert Bakken vann fellesstarten i Holmenkollen 20. mars 2022 framfor Sturla Holm Lægreid. Sidan har han ikkje gått skirenn.

Foto: Terje Bendiksby / NTB

Bakken innrømmer at det har vore nokre tunge månader, og har gitt opp eit comeback denne sesongen.

Det er klart at det tærer jo litt på hovudet at det tek så lang tid dette her. Det er jo den verste situasjonen, føler eg. Eg er veldig takksam for den sesongen eg hadde i fjor. Og sjølvsagt for å få plass på laget. Det gjer jo noko med motivasjonen, seier skiskyttaren.

Problem med hjartet tidlegare

Verdscupleiar Thingnes Bø forstår frustrasjonen.

– Det er skikkeleg kjedeleg å ha ein status der det går verken framover eller bakover. Dei verdiane han måler er ikkje bra nok til å få lov å trene og da må han berre vente, seier Johannes Thingnes Bø.

Bakken har også tidlegare hatt problem med hjartet, nærare bestemt hjarteflimmer. Etter eit inngrep i jula for to år sidan, kom også den verkelege framgangen som skiskyttar. Men desse to problema skal ikkje ha nokon samanheng.

Sivert Bakken

FEKK KULE: Sivert Bakken med trofeet på at han vann fellesstartcupen samanlagt førre sesong.

Foto: Terje Bendiksby / NTB

– Nei, og det er eg veldig glad for, sjølvsagt. På starten av det her fekk eg gjort veldig mange undersøkingar og det er godt, for så vidt, å få stadfesta at ting er i orden der. Men det er kjedeleg at eg skal få runde to med hjartet då. At det er eit eller anna der, forklarar han.

Men Bakken er fast bestemt på å kome attende – om det så blir «neste år eller seinare»:

– Det gutane gjer på stafetten er heilt rått. Det motiverer meg.

Siste nytt

  • Storhamar knuste Vålerenga

    Storhamar var klart best og vant den tredje kampen 4-1 i NM-finaleserien mot Vålerenga.

    Laget fra Hamar leder nå 2–1 i kamper, og mangler to seire på å sikre seg kongepokalen.

    Storhamars Sverre Rønningen ble kampens store spiller med to mål for vertene.

    NM-sluttspillet ishockey menn, finale 1. kamp (best av 7), Storhamar -Vålerenga (5-1)
    Foto: Lise Åserud / NTB
  • Norsk hockey-tap i Ungarn

    Norge tapte 1–2 mot Ungarn i en privatlandskamp i ishockey fredag kveld.

    Viktor Granholm scoret Norges mål i overtall i det som NTB omtaler som en kamp som «ikke vil bli husket lenge».

    Norge møter Ungarn til ny kamp lørdag.

    Ishockey, treningskamp: Norge-Frankrike (3-4)
    Foto: Alf Simensen / NTB
  • Lyn vant etter kjempetabbe

    Lyn tok sesongens første seier da LSK Kvinner ble slått 1–0 i Toppserien fredag kveld.

    Kampens eneste scoring kom etter en fæl tabbe fra LSKs forsvarsspiller Camilla Huseby. Hun spilte ballen rett i beina til Lyns Jenny Røsholm Olsen, som vippet ballen over keeper og i mål.

    Lyn står dermed med fire poeng på fire kamper, mens LSK Kvinner står med to seirer og to tap etter fire runder.

    Toppserien i fotball 2024: Portretter av Lyn
    Foto: Fredrik Varfjell / NTB

Sendeplan

Kl. Program Kanal