– Eg og bestefar hadde eit vanvittig nært forhold. Det var trist at han gjekk bort. Eg merkar at det er rart å komme heim når han er borte, seier Johaug.
Laurdag gikk Therese Johaug (22) si første distanse i VM. Det ble bronsemedalje på 15 kilometer jaktstart.
Skal tenke positivt
Før VM startet fortalte Johaug til NRK om bestefaren som var ein sterk støttespelar i 22-åringens skisatsing. Begge budde dei på same garden i Dalsbygda i Os til det lange forholdet blei brote.
– Det einaste han ville var at eg skulle trene og gå fort på ski. Det var det som holdt han oppe dei siste åra, seier Johaug.
- LES OGSÅ: Johaug skjermes i nytt opplegg
Difor vil ho tenke positivt når ho står på startstreken for første gang i VM-samanheng utan bestefaren.
– Eg kjem til å gå for han, seier Johaug.
(artikkelen held fram under bildet)
Optimale løyper for Johaug
Det er tredje gangen Johaug deltek i eit VM. Jenta som er tidenes yngste medaljevinnar skal sannsynlegvis kjempe om medalje i alle distansane utanom sprint.
Det gjeld sjølvsagt om forma er tilstades i Holmenkollen. Men NRK-ekspert Torgeir Bjørn er optimist.
– Løypenettet der, med fleire motbakkar, passar perfekt for Johaug, seier NRKs langrennsekspert Torgeir Bjørn.
- SJÅ: Heile VM-programmet
Han ser på Johaug som ein sterk kandidat til å sloss bak favorittane Marit Bjørgen og Justyna Kowalcyk om ein bronseplass i fleire øvingar.
– Ho er god i både klassisk og skøyting. Ho vil jo ha ein god sjanse på 15 kilometer klassisk med skibyte, seier Bjørn.
(artikkelen held fram under bildet)
– Kan overraske på tremila
Langrennseksperten held Johaug som bronsekandidat på både 15-kilometeren og på 10 kilometer klassisk mandag.
Denne sesongen har ho to tredjeplassar i verdscupen på sistnevnte distanse.
Men på tremila kan ho fort sleppe ei verkeleg bombe, ifølgje Bjørn.
– Og det kjem ein del nysnø og glien er dårleg kan ho gjere det heilt store. Då kan det bli betre enn bronse. Men det spørst også kor slitne Bjørgen og Kowalcyk er på slutten av meisterskapen, seier han.
Trygg på stafettgull
I sist verdscuprenn bekrefta Johaug at ho er ein sterk utfordrar til pallplassar i VM. På Konnerud i Drammen sleit ho seg inn til ein 4. plass på 10 kilometer klassisk.
– Men samstundes er ho langt bak Bjørgen, konstaterer Bjørn.
- LES OGSÅ: Tror Bjørgen kan slås
Langrennstalentet har også ein andreplass frå Tour de Ski å vise til denne sesongen.
Difor er Bjørn trygg på at Johaug vil bidra til gull på stafetten. Det vil i så fall bli hennar første i eit senior-VM nokon sinne.
Skal du sjå VM i Holmenkollen? Sjå grafisk løypeoversikt og alt anna om meisterskapen her.