Hopp til innhold

Åtvarar unge løparar: – Eg var ikkje eit godt førebilete

HOLMENKOLLEN (NRK) Therese Johaug (34) har opna opp om sine vektproblem for å åtvare yngre løparar mot tyning av vekt. Då ho sjølv auka vekta gjekk også uthaldet i taket.

Therese Johaug presnterer selvbiografien.

Therese Johaug presenterte fredag sjølvbiografien i Oslo, same dag som han kom i sal.

Foto: Hanna Johre / NTB

– Eg ønskjer å klargjere for yngre jenter at det er utruleg viktig å få i seg nok næring, for å trene det ein skal trene og yte i sporet, og få dei resultata på sikt, seier Johaug til NRK.

Kor alvorlege hennar eigne vektproblem var tidleg i karrieren kom fram i sjølvbiografien hennar «Heile historia».

Ho har ein klar tanke for kvifor ho har valt å gå ut med historia om hennar vektproblem tidleg i karrieren. Ho ønskjer mellom anna å vise yngre løparar kor viktig auka vekt var for hennar eiga utvikling.

Therese Johaug i ledelsen i Lysebotn Opp 2021

Therese Johaug utvikla meir kraft og vog mest mot slutten av karrieren. Samtidig var det då ho gjekk fortast.

Foto: Carina Johansen / NTB

– Eg kan med handa på hjartet sei at eg tok ni av ni individuelle gull etter at eg kom tilbake i 2018. Og eg har aldri vege så mykje i karrieren nokon gong. Og det ønskjer eg å fram til yngre jenter. Du kan lykkast i eitt år med ein tynn kropp, men det er takk og farvel viss ein held fram trenden, seier Johaug.

Saknar openheit

Tidlegare landslagssjef Vidar Løfshus, var sjef for Johaug i ei årrekkje. Han vil ha meir openheit rundt dette. Han vil at fleire utøvarar opnar seg opp meir om problem dei møter.

– Eg saknar openheita. Dei er rollemodellar i mange tilfelle, i den grad at dei blir assosierte med å vere lett og kanskje tynn, og at det kanskje er ein del av kriteriet for å bli god, så kjem det veldig uheldig ut. Då er dei ikkje dei førebileta dei skal vere for yngre utøvarar, seier Løfshus til NRK.

Tidligere landslagssjef Vidar Løfshus

Tidlegare landslagssjef Vidar Løfshus.

Foto: Erik Johansen / NTB

Johaug ser at topputøvarane kan bli uheldige førebilete dersom dei blir for tynne. Det vart ho i året rundt VM i Holmenkollen.

– Eg var ikkje eit godt førebilete i 2010 og 2011, seier Johaug.

Ho seier det er veldig lett i dag å meine at ho sjølv burde vore meir open.

– Samtidig har eg vore open med at eg har levd på ei knivsegg og at eg har fått folk til å hjelpe meg. Men no går eg verkeleg inn i det i denne boka og fortel kva som skjedde og kva som er grunnen, seier Johaug.

Stor effekt

Johaug var oppe i 1361 treningstimar på det meste i året under dopingutestenginga. Det var meir enn nokon gong før eller sidan. Då ho fekk orden på vektproblema tidlegare i karrieren løfta ho også uthaldet veldig.

Og ifølgje sjølvbiografien, ført i pennen av NRK-journalist Anders Skjerdingstad, skjedde det kjapt då ho hadde fått kontroll på matinntaket og stabilisert seg på ei høgare vekt. Johaug hadde då fått ein kropp som responderte betre på treninga.

Therese Johaug i gullkjole under VM i Oslo i 2011.

Therese Johaug feirar gullet på tremila i Oslo. Feiringa i gullkjolen vart eit symbol på ein opptur. Men ho kjenner ho ikkje var eit bra førebilete i denne perioden.

Foto: Gorm Kallestad / NTB

«11. oktober var eg inne til test hos Erlend på Olympiatoppen. Det maksimale oksygenopptaket mitt var høgare enn nokosinne og bikka 80 for første gong då det vart målt til 81,1. Det tilsvarande talet etter VM i Holmenkollen var 72», står det i boka.

Året rundt VM i Holmenkollen i 2011 var ein periode der ho hadde tilbakevendande vektproblem og fekk hjelp. No var det ein ny situasjon. Det gav resultat.

– Eg ønskjer med denne boka eg har skrive no å klargjere kva som kunne skjedd med meg dersom eg ikkje hadde teke tak i 2011, seier Johaug og påpeikar at karrieren kunne sett heilt annleis ut om ho ikkje hatt for orden på problema.

Redd for signaleffekt

Uthaldet til Johaug har vorte karakterisert som unik blant norske idrettsutøvarar. Men testtala er noko ho har halde for seg sjølv inntil no. Johaug åtvarar i boka mot signaleffekten tal frå slike testar kan ha, fordi utøvarar kan tru at det er bra å tyne seg vektmessig for å oppnå eit best mogleg uthaldstal.

Professor Øyvind Sandbakk har testa ei rekkje landslagsutøvarar. Han er leiar for senter for toppidrettsforsking ved NTNU.

– Utøvarar som tyner vekt kan få ein kortvarig auke av det maksimale oksygenopptaket når ein normaliserer for kroppsvekt. Samtidig vil dette slå negativt ut over tid sidan dei trenar med mindre arbeidande muskelmasse og sidan både toleransen for store treningsmengder, treningskvaliteten og restitusjonsevna blir redusert når utøvarar har energiunderskot, seier Sandbakk til NRK.

Han seier dette til slutt blir ein negativ sirkel som hindrar utvikling.

– Så Johaug kjem her med viktig informasjon til utøvarar som vil lykkast, seier Sandbakk.

Han understrekar at langrenn er ein idrett som krev relativt stor muskelmasse til å skape kraft samtidig med høge verdiar av det absolutte maksimale oksygenopptaket.

– For å utvikle dette er energibalanse til å gjennomføre mykje trening med høg kvalitet over tid ein føresetnad. I tillegg vil for låg feittprosent gjerne være assosiert med forhøgd risiko for sjukdom og skader, noko som hindrar kontinuitet og kvalitet i treninga, seier Sandbakk.

Siste nytt

  • Villa forlenger med suksesstreneren

    Unai Emery har skrevet under en ny kontrakt med Premier League-klubben Aston Villa. Den nye avtalen til manageren strekker seg til 2027.

    Emery har ledet Birmingham-klubben med stor suksess etter at han tok over for Steven Gerrard i november 2022. I skrivende stund ligger laget på fjerdeplass i Premier League med fire kamper igjen. Dermed kan klubben sikret sin første mesterligadeltakelse på over 40 år.

    Emery sier til klubbens nettsider at han er veldig fornøyd med å forlenge avtalen sin.

    – Vi nyter tiden i Villa, og vi har en flott gruppe med spillere. Jeg og mitt trenerteam deler visjonen til eierne, og de er veldig støttende og respektfulle. Strukturen er på plass for at vi skal fortsette å utvikle klubben, sier spanjolen. (NTB)

    7ZFc-Z9Pon8
    Foto: AP
  • United-manageren fyrte løs mot pressen: – En skam

    Manchester United-sjef Erik ten Hag langet ut mot journalistene da han stilte til pressekonferanse tirsdag.

    Nederlenderen ble spurt om han forstår kritikken som har kommet i etterkant av FA-cupsemifinalen mot Coventry der de rødkledde til slutt tok seg videre etter en dramatisk kamp.

    – Kommentarene er en skam, sa Ten Hag.

    – Fotball handler om resultater, og vi kom til finalen. Og vi fortjente det, ikke bare etter den kampen, men alle de andre kampene, sa Ten Hag.

    Manchester United ledet 3-0, men mistet hele overtaket i løpet av de siste 20 minuttene av ordinær tid. Coventry utlignet til 3-3, og senere traff de tverrliggeren og fikk et mål annullert etter en VAR-sjekk. På straffer vant United 4-2.

    Tidligere spiller Roy Keane var blant dem som var harde med klubben etter avansementet mot laget fra nivå to. Han kalte prestasjonen for «pinlig».

    – Det var en som spurte om det var pinlig. Nei, reaksjonen fra dere er pinlig, sa Ten Hag. (NTB)

    776131836
    Foto: GLYN KIRK / AFP
  • Stina Nilsson gir seg som skiskytter – bytter idrett igjen

    Det bekrefter Nilsson til SVT.

    – Jeg skal gå langløp neste år, og det føles veldig kult, sier Nilsson.

    For fire år siden la hun brått opp langrennskarrieren, og begynte å satse på skiskyting. Det ble ingen suksess, og nå sier hun stopp.

    – Geværet er lagt på hylla, sier Nilsson.

    Nilsson har signert for det norske langløpslaget Team Ragde Charge, og skal gå Ski Classics neste sesong.

    – Allerede da jeg gikk over til skiskyting så jeg på meg selv nesten som en tretrinnsrakett. Det blir langrenn, skiskyting og så skal jeg prøve meg på langløp. Og nå føles det veldig riktig og spennende.

    Nilsson fikk med seg en pallplass i skiskyting, og sier de to første sesongene var veldig bra. Deretter gikk det nedover. Til slutt gikk hun lei enkelte deler av sporten.

    – Man kan være i superbra form, skyte en veldig god liggende serie, og likevel skyte seg bort på stående. Jeg var ganske lei av det på slutten, at jeg hadde gjort det så bra, men likevel var det noe som ikke stemte.

    Stina Nilsson
    Foto: BILDBYRÅN

Sendeplan

Kl. Program Kanal