Solskjær: - 100 prosent straffe
Ole Gunnar Solskjær freste over at Manchester United ikkje fekk straffe for ein hands i kampen mot Chelsea.
– Dersom det er ein naturleg posisjon for ei hand å vere i når ballen kjem, må eg vere blind, seier han til BBC.
Dommaren vurderte straffe for det som kunne sjå ut som hands etter eit kvarter. Men etter VAR-inspeksjon avviste han kravet om straffe.
– Det var absolutt ikkje straffe. Det var ei hand i raud trøye som var borti ballen, sa Chelsea-manager Thomas Touchel.
Men det enda 0-0 i storkampen i London. United makta dermed ikkje å ta serleg inn på nabo City, som er 12 poeng framfor. Chelsea missa sjansen til å ta steget opp i topp 4.
– Vi er nøgde med uavgjort, men vi kunne avgjort etter pause, for då var vi best, seier Chelseas Anders Christensen.
Kampen blei prega av godt organiserte forsvar, og dei få målsjansane som oppstod, var nokolunde likt fordelte. Dei fleste kom etter pause.
United har no spela 20 bortekampar utan tap i Premier League. Samstundes har Tomas Tuchel enno ikkje tapt som Chelsea-manager.
– Det blei den tette kampen vi venta, sa Nils Johan Semb i TV 2-studio.