Hopp til innhold

Nytt grep mot norsk dominans – utlendingane jublar

Noreg får ikkje dra nytte av det enorme smørjeapparatet sitt i Tallinn. Det nye grepet blir møtt med jubel i utlandet.

Holmenkollen skifestival 2023

OVERLEGNE: I Holmenkollen vart dei tidobbelt norsk på femmila. Under verdscuprennet i Tallinn blir det teke grep for å minske forskjellane mellom laga.

Foto: Terje Bendiksby / NTB

Kommande veke skal felles smørjing testast ut for første gong i verdscupen. Alle nasjonar skal bruke dei same produkta under skia, og ein får bruke færre smørjarar enn vanlegvis til å preparere.

Den gigantiske og avanserte smørjetraileren til det norske laget blir derfor ståande heime. Eit smørjebord, eit smørjejern og ein drill er utstyret dei norske smørjarane tek meg seg til Tallinn. Der skal dei og smørjarane frå dei andre nasjonane stå samla inne i det same teltet.

– Vi får gjere som vi får beskjed om, det er vel det som er heile greia, seier Noreg sin smørjesjef Stein Olav Snesrud, som er spent på korleis det vil fungere i praksis, til NRK.

Smøretrailer

BLIR HEIME: Noreg sin smørjetrailer er eit viktig våpen for landslaget i kampen om topplasseringar.

Foto: Terje Pedersen / NTB

Blir kalla eit Noreg-grep

Vanlegvis er det dei norske smørjarane som bruker mykje tid på å teste skia til utøvarane i løypa før eit renn. Denne gongen blir alt ansvaret lagt på Johannes Høsflot Klæbo og co.

Kvelden før rennet kan utøvarane teste løypa og melde inn to konkurranseski dei ønskjer å bruke. Berre desse skia kan preparerast av smørjarane, og morgonen før løpet får utøvarane levert tilbake skia dei skal bruke.

Målet med prosjektet er både å kutte kostnader og redusere gapet mellom dei store og mindre nasjonane.

Snesrud

SMØRJESJEF: Stein Olav Snesrud.

Foto: Terje Pedersen / NTB

– Det vil aldri bli 100 prosent rettferdig, men det kan vere ein måte å halde kostnadene meir under kontroll, seier renndirektør i FIS, Michal Lamplot.

NRK sin langrennsekspert Fredrik Aukland meiner det kan kallast eit «Noreg-grep».

– Ja, det trur eg faktisk det er. Ein seier at det er mot dei store nasjonane, men ser ein på snittet gjennom ein sesong, vil ein sjå at Noreg heilt klart har best ski i snitt, både på feste og glid. Det handlar ikkje berre om produkta Noreg bruker og kor mange menneske ein er, men det handlar om kunnskap, meiner han.

Utanlandsk jubel

NRK har snakka med mange utanlandske og norske langrennsløparar om nyvinninga. Spesielt blant utlendingane er det ei overveldande støtte for grepet.

– Eg tenkjer det er veldig bra for små nasjonar, slik som oss. Vi kan vere på nivå med nasjonar som Noreg, men det er mykje vanskelegare for oss når vi har færre folk, seier tsjekkiske Katerina Janatova, som tykjer Noreg kan vere frustrerande gode.

Janatova får støtte frå slovenske Eva Urevc og amerikanske Rosie Brennan.

– Det er verkeleg vanskeleg for laget vårt. Vi har ikkje noko stort budsjett, så det å ha konkurransedyktige ski er ei stor utfordring kvar einaste dag, seier Brennan, som er spent på rennet i Tallinn.

Rosie Brennan

POSITIV: Amerikanske Rosie Brennan ønskjer det nye smørjeprosjektet velkommen.

Foto: BORUT ZIVULOVIC / Reuters

Franske Renaud Jay meiner at grepet vil gjere jobben til smørjarane mindre viktig, og at ein potensielt fjernar eit viktig konkurranseelement i sporten.

Ben Ogden frå USA tykjer at smørjing og skitesting er stressande, men er ikkje sikker på at eit felles opplegg vil ha så store utslag.

– Viss det ser ut som nokon har dårlege ski samanlikna med Johannes, er det truleg fordi dei går dårlegare enn Johannes. Ikkje fordi dei har dårlegare ski, seier han.

– Håpar du felles smørjing blir den nye normalen?

– Ja. Sjå på kor mykje ressursar vi bruker, drivstoff og all den driten. Berre for at vi skal kunne putte noko anna under skia våre. Kven bryr seg? La oss berre gjere det enkelt og konkurrere mot kvarandre.

Også dei norske utøvarane NRK har snakka med synest det blir interessant å teste felles smørjing.

– Det blir spennande, seier Johannes Høsflot Klæbo.

– I dag har nok eg best ski i feltet, det er det ikkje sikkert eg har då. Det kan hende det blir jamnare, sa verdscupleiar Tiril Udnes Weng etter sprinten i Drammen.

Verdenscup langrenn, sprint prolog og finaler i World Cup Drammen

SUVEREN: Klæbo vinkar tilbake til publikum og konkurrentane etter ein knusande siger i Drammen.

Foto: Lise Åserud / NTB

Fryktar ikkje juks

Aukland er samd med utøvarane i at FIS testar ut eit felles smørjeopplegg og er spent på kva utslag det vil gjere i løypa.

– Så lenge langrennssporten er inne i ein så kritisk fase internasjonalt – at vi slit med å få sporten til å overleve – må ein ta avgjerder som kanskje ser negative ut med norske auge. Derfor er eg positiv til at ein testar ut tiltak for å få meir like rammar.

Les også: Stortalentets manøver rystet landslagssjefen: - Vi måtte rope at hun måtte bruke hodet

Margrethe Bergane
Margrethe Bergane

Inne i smørjerommet skal ein medlem av juryen kontrollere at ingen bruker nokre «ulovlege» produkt. Likevel vil ingen stå og sjekke at utøvarane ikkje snik på seg eit par som ikkje er preparert inne i fellesområdet.

Systemet er til så lenge i stor grad tillitsbasert.

– Det er alltid ein sjanse for at nokon vil manipulere systemet, men eg trur ikkje det vil skje i Tallinn, seier Lamplot.

Siste nytt

  • Bjøntegaard legger opp

    Erlend Øvereng Bjøntegaard (32) legger opp som skiskyter og toppidrettsutøver etter 11 år på toppnivå.

    – Livet som skiskytter og toppidrettsutøver har nå kommet til veis ende, skriver han på sin Instagram-konto

    – Hele mitt voksne liv har vært dedikert til skiskyting, og det er derfor mange følelser i kroppen når jeg nå takker for meg.

    Videre i innlegget skriver han at skolebenken er det som venter til høsten.

    Bjøntegaard debuterte i verdenscupen i skiskyting 28. november 2012 med en sjuendeplass på normaldistansen i svenske Östersund.

    Hans beste mesterskapsplassering er femteplassen fra sprinten under OL i Pyeongchang i 2018.

    Bjøntegaard ble europamester i sprint så sent som denne sesongen. I verdenscupen har han to annenplasser som beste resultat. (NRK/NTB)

    Erlend Øvereng Bjøntegaard
    Foto: Geir Olsen / NTB
  • Mann pågrepet under svensk landslagstrening – hadde med seg mistenkelige bager

    En mann som oppførte seg truende, skal ha tatt seg inn på den svenske landskamparenaen i fotball mens Zlatan Ibrahimovic & co. trente onsdag.

    Det er Aftonbladet som omtaler episoden som fant sted på Friends Arena i Stockholm.

    Mannen skal ha kommet seg langt inn på arenaen samtidig som de svenske stjernene trente onsdag ettermiddag.

    – Mannen har sagt ting som har fått oss til å reagere, sier politiets pressetalsmann Daniel Wikdahl.

    I en pressemelding opplyser Stockholm-politiet at mannen, som er i 60-årene, skal ha hatt med seg et antall bager som inntil betraktes som mistenkte farlige gjenstander. Innholdet skal inntil videre ikke være undersøkt.

    I påvente av dette opprettholdes de sperringene som er opprettet rundt nasjonalarenaen.

    Politiet har startet etterforskning i saken med det som beskrives som mulige grove trusler og forberedelser til grov allmennfarlig ødeleggelse.

    Mannen er tatt hånd om av politiet.

    Zlatan Ibrahimovic
    Foto: Jonas Ekströmer/TT / NTB
  • Fotballtreneren Tony Knapp er død

    Den tidligere meritterte Viking-treneren Tony Knapp er død, 86 år gammel.

    – Han sovnet stille inn natt til onsdag, sier sønnen Christian Knapp til Stavanger Aftenblad.

    Knapp trente Viking i perioden 1978 til 1981, og det ga resultater. Viking vant «The Double» i 1979 og tok sølv i serien i 1981.

    Knapp var selv profesjonell fotballspiller i blant annet Leicester, Southampton og Coventry, før han etter hvert ble trener.

    Han var landslagstrener på Island i to perioder, fra 1974 til 1977 og fra 1984 til 1985.

    I 1982 trente han Fredrikstad, og i 1986 trente han Brann til opprykk og til sølv i cupen i 1987.

    Tony Knapp
    Foto: Terje Bendiksby / NTB

Sendeplan

Kl. Program Kanal
Sport
Spiller nå
Nektet å prate om Haaland - så skjedde dette 01:00
Neste