Både Kristoff og Hagen måtte sleppe i Oude Kwaremont, den nest siste og kanskje den føffaste av brusteinsbakkane i løypa, drygt to mil frå mål. Deretter var dei sjanselause.
Kristoff blei nr 16 og Hagen nr 19, begge 1.13 bak vinnaren.
– Eg fryktar alltid Kwaremont, der brukar å dette av. Eg veit til neste gong at eg må vere i front og ha litt å gå på, seier Kristoff til NRK.
Løypa gjekk i ein runde med seks tøffe brusteinsbakkar. Det blei køyrt tre rundar, med til saman 18 tøffe stigingar.
No skal Kristoff ha nokre dagar heime og roe ned. Så skal han til Paris - Roubaix neste helg.
– Det er siste sjanse denne klassiker-sesongen. Om eg kjem på pallen der er det bra. Om det ikkje skjer, så er første del av sesongen mislykka, seier mannen som vann dette rittet for tre år sidan.
– Det er godt eg har kontrakt neste år også, seier Kristoff.
Uhell i den tøffe løypa høyrer ofte med. På dei våte brusteinane måtte australske Mitchell Docker i piggtrådgjerdet.
Video: Sjå Dockers uhell her (video med løyve frå TV 2):
– Verdig vinnar
Han unner Terpstra sigeren.
– Terpstra er ein verdig vinnar, seier Alexander Kristoff til NRK.
– Eg finn ikkje ord for kor glad eg er, sa ein rørt Quickstep-ryttar Niki Terpstra i sigersintervjuet etter 263 kilometer og over 6 timar og 20 minutt på sykkelsetet.
Han er den første nederlendaren som vinn dette rittet sidan 1986.
Ein trio hadde leia lenge då Terpstra slo til i bakken Oude Kwaremond i siste bakken, godt og vel to mil før mål. Då tok ikkje berre nederlanderen igjen tettrioen, han fauk forbi og oppdarbeidde seg ei så stor leiing at han ikkje blei innhenta.
Berre danske Mads Pedersen prøvde å hange med. Det makta han ikkje, men han blei nummer to, ni sekund bak Perpstra. Philippe Gilbert tok tredjeplassen, 16 sekund bak vinnaren.
Kristoff: – Eg er skuffa
For første gong på fem år er det ingen norske i toppen av resultatlista i denne klassikaren.
Alexander Kristoff var litt skuffa etter å ha sykla inn til ein plass rundt nr 15.
– Eg fekk merke det i Kwaremond, seier han.
– Eg makta ikkje å følgje dei beste, då var det gjort. Eg køyrde bra, synest eg, men eg hadde ikkje bein til å følgje. Det var tungt, seier Alexander Kristoff.
– Eg har slite litt i innkøyringa. Eg håpar det kjem seg til neste veke.
– Har forkjølinga di noko å seie?
– Det plaga meg kanskje litt, men ikkje mykje.
– Eg er litt skuffa, seier Kristoff etter si dårlegaste plassering på fem år.
– Vi er alle skuffa. Vi skulle ha hjelpt han litt meir, seier lagkamerat Sven Erik Bystrøm.
– Det var ikkje meir å hente. Eg skulle ønskje å kunne vere med heilt inn. Eg gjorde ikkje store feil, men hadde ikkje krefter nok. Det var mykje støting og tøft kjør heile vegen, seier Edvald Boasson Hagen.