Hopp til innhold

Tennisstjerne tek pause: – Det har blitt uuthaldeleg

Amanda Anisimova (21) har slått fleire av dei beste spelarane i verda det siste året. No tek ho ein pause på ubestemd tid.

Anisimova

TIL KVARTEN: Her er Amanda Anisimova i aksjon under Wimbledon i fjor sommar. Då tok ho seg til ein kvartfinale.

Foto: AP

21-åringen slo gjennom med eit brak då ho nådde French Open-semifinalen allereie i 2019.

Det siste året har ho slått spelarar som Aryna Sabalenka (verdstoar) og Darja Kasatkina (verdsåttar). I dag er ho rangert som nummer 46 i verda.

No fortel amerikanaren at ho samtidig har stått overfor noko langt tøffare.

Anisimova mot Sabalenka

VANN: Amanda Anisimova slo Aryna Sabalenka i Madrid 28. april i fjor.

Foto: AP

Prioriterer mental helse

Eg har verkeleg slite med den mentale helsa og utbrentheita mi sidan sommaren 2022. Det har blitt uuthaldeleg på tennisturneringar, skriv Anisimova i eit innlegg på Instagram.

Sommaren 2022 nådde ho kvartfinalen i Wimbledon. Det var karrierebeste i ein major på gras, ifølgje ESPN.

Sidan hausten har ho likevel slite med å attskape prestasjonane. Når ho no tek pause, har ho ikkje vunne ein kamp sidan februar.

– På dette tidspunktet prioriterer eg den mentale helsa mi, og tar ein pause for ei stund. Eg har jobba så hardt eg kan for å presse meg gjennom det. Eg vil sakne å vere der ute, og sett pris på støtta eg får.

Delte kroppshets

Før annonseringa delte tennisspelaren også ein skjermdump av kroppshets via ei Instagram-historie.

Dette kommenterte ho sjølv:

Mengda menneske som kommenterer kroppen min kvar dag i sosiale medium … Vil aldri forstå kva hyperfikseringa handlar om, skreiv Anisimova.

21-åringen har fått enorm støtte frå både supporterar og tenniskollegaer.

Den danske tennisstjerna Holger Rune kommenterte hetsen på Twitter.

Hat er merkeleg og gir inga meining. Kanskje viss alle blokkerte folk som skriv hat … Så vil det berre bli dei og hata deira?

Holger Rune

STØTTER: Danske Holger Rune.

Foto: Reuters

Hets, truslar og hat har blitt eit stadig aukande problem også for idrettsutøvarar generelt og kvinner spesielt.

Ei undersøking frå BBC viste ei dobling av netthets mot idrettskvinner på elitenivå frå 2015 til 2020.

Samtidig viser ein studie frå Pew Research Center at kvinner i USA er omtrent tre gonger meir utsett for seksuell trakassering på nettet enn menn.

Rosar openheita

Ole-Marius Minde Johnsen er landsleiar i Mental Helse. Han meiner Anisimovas openheit kan vere til stor hjelp for andre og henne sjølv.

– Ho er eit førebilete som går føre og tør å snakke om det. Den ærlegdommen er veldig nyttig for mange. Det hjelper i seg sjølv. Kanskje fleire er opne med sine næraste, seier Johnsen til NRK.

– Ho er med på å bryte tabuet ved å vere så open. Ho er med på å normalisere det. Det er normalt å ha opp- og nedturar i livet, og då kan det hjelpe å dele, også for henne sjølv, seier Johnsen.

Samtidig påpeikar Johnsen kor belastande det er å få så mykje hets som Anisimova beskriv.

– Det har vore eit problem lenge, særleg med kroppsfokus. Det er ei stor svakheit i befolkninga at vi opptrer på denne måten. Det er total mangel på respekt. Eg håpar det blir slått kraftig ned på, seier Johnsen.

Siste nytt

  • Halvorsen sikret norsk OL-plass

    Rifleskytter Ole Martin Halvorsen (24) ble nummer tre i fredagens OL-kvalifisering i Brasil, og sikret Norges sjette OL-plass i idrettsgrenen.

    – Det føles veldig godt nå, men det var hardt å skyte. Det er første gang på pallen individuelt for meg internasjonalt, og det var ikke forventet. Men det er veldig gøy, sier Halvorsen til NTB.

    – Det betyr at vi har mulighet til å delta i alle øvelser med maks antall skyttere. Vi kan blant annet stille to lag i blandet lag. Vi står godt rustet foran OL, sier sportssjef Tor Idar Aune i Norges Skytterforbund til NTB.

    OL-ilden i Paris tennes 26. juli. Dagen etter deles første medalje i skyting ut.

    (NRK/©NTB)

    Ole Martin Halvorsen
    Foto: Annika Byrde / NTB
  • Haaland usikker til FA-cupsemifinalen

    Erling Braut Haaland er småskadd og kan miste Manchester Citys FA-cupsemifinale mot Chelsea lørdag.

    Det avslørte City-manager Pep Guardiola på en pressekonferanse fredag.

    Det har vært knyttet usikkerhet til Haaland etter at han ble byttet ut før ekstraomgangene i mesterligakvartfinalen mot Real Madrid onsdag.

    Guardiola uttalte etter den kampen at Haaland ba om å bli byttet ut, og at han ikke var i stand til å fortsette.

    – Erling kjente noe. Et muskulært problem. Han kunne ikke fortsette, sa Guardiola fredag.

    Selv om City er slått ut av mesterligaen, venter et relativt hektisk kampprogram de neste ukene. Kommende Torsdag skal de lyseblå spille en utsatt bortekamp mot Brighton i Premier League, mens Nottingham gjester Manchester i serien tre dager senere.

    Med seks kamper igjen av sesongen topper City ligatabellen to poeng foran Arsenal og Liverpool.

    Haaland er delt toppscorer med Chelseas Cole Palmer. De har begge scoret 20 mål. Nordmannen har samtidig måttet tåle kritikk den siste tiden. (NTB)

    Haaland
    Foto: DARREN STAPLES / AFP
  • Anna Svendsen legger opp

    Langrennsløper Anna Svendsen avslutter karrieren etter inneværende sesong.

    Tromsø-jenta bekrefter beslutningen i en oppdatering på Instagram fredag.

    – En tid for alt, skriver veteranen.

    – Jeg har gått en litt annerledes vei enn mange andre. Tok bachelor i sykepleie rett etter videregående og dro to år til USA etter det og har de siste ti årene satset for fullt som langrennsløper, men nå er den reisen over, legger hun til.

    Svendsen har blant annet markert seg i sprinter i verdenscupen over mange sesonger.

    Selv trekker tromsøværingen fram sjuendeplassen i sprint under VM i Oberstdorf som et naturlig høydepunkt. Det har også blitt fire sesonger på landslaget og 86 starter i verdenscupen.

    – Et nytt kapittel i livet står for tur, og nå gleder jeg meg til å starte i jobb som sykepleier på infeksjonsmedisinsk avdeling, skriver 34-åringen. (NTB)

    Anna Svendsen i Drammen
    Foto: Terje Pedersen / NTB

Sendeplan

Kl. Program Kanal