Hopp til innhold

Tempofavoritten braut og forsvann utan eit ord: – Det kom som eit sjokk

BAGNÈRES-DE-BIGORRE/OSLO (NRK): Favoritten til tempoetappen fredag, australske Rohan Dennis, braut brått dagens etappe og forsvann.

Rohan Dennis

BORTE: Rohan Dennis skulle spare seg til tempoetappen fredag. Så braut han og forsvann utan eit ord

Foto: Urs Flueeler / AP

Årsaka skal ha vore at Dennis var misnøgd med hjula på sykkelen, melder TV 2. Kanalens sykkelekspert Thor Hushovd seier at Dennis kunne ha tapt 40 watt – eller 10 prosent – samanlikna med dei beste konkurrentane.

Først ein halvtime etter målgang kommenterte sportsdirektør i Bahrain-Merida, Gorazd Štangelj, det som hadde hendt.

– Vi er skuffa, for vi har venta mykje av han på tempoen.

– Vi stoppa for å snakke med han då han stod av, for å finne ei løysing, men det gjekk ikkje. Det var fullt ut hans eiga avgjerd, sa Gorazd Štangelj.

– Vi såg Dennis ved vegkanten. Han ønskte ikkje å snakke. Vi trudde han skulle halde fram, og fekk sjokk då han steig av.

I eit utsegn, som laget til Dennis har publisert på si nettside, står det at ryttaren ikkje stod av rittet frivillig.

– Eg er veldig skuffa over å forlate løpet på dette tidspunktet. Morgondagens tempo har naturlegvis vore eit mål for meg og laget. Kjensla mi seier at det er rett avgjerd å bryte rittet, seier Dennis.

– Ingenting i vegen med helsa

Ifølgje ein fransk tv-stasjon hadde Dennis blitt observert i krangel med folk i lagbilen like før han gjekk av sykkelen.

Men det avviser lagleiinga totalt. – Det var ingen krangel. Det var ingenting i vegen med Dennis fysisk heller, seier lagets sportsdirektør Gorazd Štangelj.

– Eg kjenner ikkje til at vi har hatt sterke diskusjonar med han. Vi finn alltid ei løysing når vi er usamde, seier Stangelj.

Journalist Sophie Smith, som følgjer Dennis tett, seier at ho blei veldig overraska over det som skjedde.

– Eg snakka med han i dag tidleg, spesielt om tempoetappen fredag, og då var han optimist. Det var ingen indikasjonar på at han hadde tenkt å bryte, seier ho til NRK.

Braut åtte mil før mål

Dennis prøvde først to gonger å gå i brot på den 209 km lange klatreetappen torsdag. Då det ikkje gjekk, stansa han og braut rittet åtte mil før mål på dagens 12. etappe. Ingen visste kvifor, heller ikkje leiinga i hans lag Bahrain-Merida.

– Vi gir ingen kommentar før vi har funne ut kva som har skjedd, skreiv laget på Twitter like etter hendinga.

Laster Twitter-innhold

Han sette seg i lagbussen rett etterpå, og då han saman med agenten sin litt seinare forlét bussen, gjekk han forbi heile pressekorpset utan å seie eit ord.

Den franske tv-kanalen France 2 har snakka med sportsdirektøren for laget, men utan å få noko forklaring.

Laster Twitter-innhold

Han ville ikkje gi noko klart svar på kva som var den eigentlege årsaka.

Tempofavoritt

Australiaren var rekna som ein av dei største favorittane til lagtempoen i Pau i morgon. – Eg skal ta det med ro i dag for å spare meg til lagtempoen i morgon, sa han i startområdet før torsdagens etappe.

Dennis er regjerande verdsmeister i landevegstempo. Han har vore i god form nyleg, med mellom anna andreplass i Tour de Suisse.

Den 12. etappen blei vunnen av Simon Yates, som spurtslo Pello Bilbao og Gregor Mühlberger, og tok sin aller første etappesiger i Tour de France. Det blei ingen endringar i toppen samanlagt, der Julian Alaphilippe leier 1.12 minutt framfor Geraint Thomas.

PS: Bahrain Merida hadde ikkje sin beste dag. På veg ut frå målområdet kolliderte bussen med ein annan buss.

Laster Twitter-innhold

Siste nytt

  • Storhamar knuste Vålerenga

    Storhamar var klart best og vant den tredje kampen 4-1 i NM-finaleserien mot Vålerenga.

    Laget fra Hamar leder nå 2–1 i kamper, og mangler to seire på å sikre seg kongepokalen.

    Storhamars Sverre Rønningen ble kampens store spiller med to mål for vertene.

    NM-sluttspillet ishockey menn, finale 1. kamp (best av 7), Storhamar -Vålerenga (5-1)
    Foto: Lise Åserud / NTB
  • Norsk hockey-tap i Ungarn

    Norge tapte 1–2 mot Ungarn i en privatlandskamp i ishockey fredag kveld.

    Viktor Granholm scoret Norges mål i overtall i det som NTB omtaler som en kamp som «ikke vil bli husket lenge».

    Norge møter Ungarn til ny kamp lørdag.

    Ishockey, treningskamp: Norge-Frankrike (3-4)
    Foto: Alf Simensen / NTB
  • Lyn vant etter kjempetabbe

    Lyn tok sesongens første seier da LSK Kvinner ble slått 1–0 i Toppserien fredag kveld.

    Kampens eneste scoring kom etter en fæl tabbe fra LSKs forsvarsspiller Camilla Huseby. Hun spilte ballen rett i beina til Lyns Jenny Røsholm Olsen, som vippet ballen over keeper og i mål.

    Lyn står dermed med fire poeng på fire kamper, mens LSK Kvinner står med to seirer og to tap etter fire runder.

    Toppserien i fotball 2024: Portretter av Lyn
    Foto: Fredrik Varfjell / NTB

Sendeplan

Kl. Program Kanal